Foreløpige søkjartal til høgare utdanning

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

- Det foreløpige opptaket til høgare utdanning syner ein liten tilbakegang. Dette er eit uttrykk for ei konsolidering ut i frå profilen til HVO, seier rektor Gunnar Stave i ein kommentar til fyrsteprioritetsvalet frå studentane. Vi hadde eit stort overtal på studentar i fjor. Difor har vi valgt å kutte ut ein del av studietilboda i år for at antall studentar betre skal samsvare med kapasiteten ved høgskulen. Mellom anna har vi i år ikkje tilbod om deltidsutdanning for allmennlærarar korkje i Volda eller i Kristiansund. Dette utgjer åleine 100 primærsøkjarar.Vi har også valgt å ikkje ha tilbod om pedagogikk grunnfag kvart år.Dette gir sjølvsagt utslag på totalsøkjarmengda til HVO, fortel rektor Stave.
- Det er gledeleg for oss å registrere at sosionom-, barnevern- og mediautdanninga ved skulen vår viser høgare søkjartal i år enn i fjor.
Samla opptak gir oss basistal gjennom sentralt opptak. I fjor låg dei foreløpige søkjartala på nokonlunde same nivå. Det lokale opptaket ifjor var ein suksess som gjorde sitt til at Høgskulen i Volda aldri har hatt høgare studenttal. Vi har tru på at dette skal verte resultatet i år og,
avsluttar rektor Gunnar Stave.
-

Del på