Forskingsdagane 1997

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

FOREDRAG:

Høgskulelektor Odd Monsson:
Ivar Aasens forteljing om språket - "sunnmørsk lokalsoge", "nasjonalt epos" eller....
Forteljingar om språket må forteljast gjennom språket. Vi har mange forteljingar med Aasen som hovudperson. Kva slag forteljing får vi dersom språket vert hovudperson? Gjennom ei slik forteljing vil eg prøve å få fram kva for tradisjon Aasen
var fanga i, og kva for konsekvensar dette fekk for språkforteljinga hans.
Måndag 22.9. kl. 13.00-14.00. Ivar Aasen-huset 112

Høgskulelektor Torgeir Dimmen:
Medieopplæring i skulen: terapi, demokrati eller fantasi
Det kan vere mange grunnar til å få meir medieundervisning inn i skulen og i lærarutdanninga. Nokre argument er vel
fundert i pedagogisk tenking og teori. Andre toler dårleg kritiske krav om seriøs dokumentasjon. Paradoksalt nok er det desse argumenta som er best. I alle fall er det dei ein oftast ser i det offentlege ordskiftet om saka. Er dette greitt, eller bor argumenta - og måla - for skulen si medieundervisning revurderast?
Måndag 22.9. kl. 14.00-15.00. Ivar Aasen-huset 112

Førstelektor Rolf Roar F. Werenskjold:
Teoretiske tilnærminger til arbeidet med amerikansk utenrikspolitikk
Historikere som arbeider med utenrikspolitiske sporsmål og internasjonale forbindelser bruker forskjellige analytiske tilnærminger og modeller i sitt arbeid. Mange av disse tilnærmingene - nasjonalistisk, realistisk, korporatistis
og eklektisk - fokuserer på forskjellige analytiske nivå, fra hjemlig okonomi og politiske strukturer eller internasjonale systemer til individuelle- og regjeringsbeslutninger. Alle disse aktivitetsnivåene og strukturene er viktige når man skal analysere utenrikspolitiske beslutninger og resultater for å være sikker på å ikke overse noen viktige årsaksfaktorer. Med utgangspunkt
i «klassisk- og moderne realisme» skal foredraget gi en kort skisse over enkelte av de dominerende teoriene, tilnærmingene, og «modellene» som anvendes av historikere og statsvitere for forståelsen av internasjonale forbindelser.
Måndag 22.9. kl. 15.00-16.00. Ivar Aasen-huset 112

Høgskulelærar Bjørg Olsen Eikrem:
Litteraturen si rolle i engelsk som framandspråk, med særleg vekt på den nye læreplanen, L-97
Følgjande problemstillingar vil vere sentrale:Korleis vi forstår omgrepa «språk» og «litteratur» i L 97 og i fagplanen for
engelsk? I kva grad bruk av litteratur i framandspråkundervisinga kan vere med på å oppfylle måla i L 97?
Måndag 22.9. kl. 18.00-19.00. Ivar Aasen-huset 112

Førsteamanuensis Jan Inge Sørbø:
Sjølvmordet som kulturelt problem: Ronald Fangen som kulturdiagnostikar
Ronald Fangen (1895 -1946) er truleg den norske forfattaren som har arbeidd mest med sjølvmordsproblematikken. Det finst biografiske forklaringar til at det vart slik, men Fangen brukte dette stoffet til djuptgripande
analyser av destruktive tendensar i kulturen som heilskap, noko som viser at han
korresponderer med europeisk dikting i same tidsrom.
Måndag 22.9. kl. 18.00-19.00. Ivar Aasen-huset 108

Høgskulelektor Randi Lothe Flemmen:
Engelskopplæringa sett i lys av noen viktige prinsipp i L-97.
Hvorfor/hvordan - formidle felles kulturstoff? Hvordan ta vare på den «undrende, nysgjerrige, vitebegjærlige» eleven?
Måndag 22.9. kl. 19.00-20.00. Ivar Aasen-huset 112

Førsteamanuensis Geir Hjorthol:
Kriminalromanen - høg eller låg litteratur?
Når spørsmålet om «høgt» og «lågt» i litteraturen blir reist i samband med krimininalromanen, heng det saman med ein generell tendens i nyare prosalitteratur til at forfattarar innarbeider element frå spenningslitteraturen i romanane sine. For å tekkjast eit breitt publikum - eller av meir «høgverdige» grunnar? Samtidig gjer kriminalforfattarar krav på å bli rekna med i det gode selskap av seriøse forfattarar. Med rette eller urette?
Måndag 22.9. kl. 19.00-20.00. Ivar Aasen-huset 108

Høgskulelektor Marie Nedregotten Sørbø:
Roald Dahl - mellom moralisme og makaber humor
Forelesinga vil konsentrere seg om boka Charlie and the Chocolate Factory av Roald Dahl, og er eit forsøk på å vise at forfattaren har djupe røter i to ulike litterære tradisjonar: på den eine sida dei gamle lastekatalogane, på den andre sida dei makabre barnerima. Ved hjelp av eksempel frå litteraturhistoria og samanlikning med andre forfattarar, vil ein prøve å konkludere om Dahl er ein moralist eller ein humoristisk forfattar.
Måndag 22.9. kl. 20.00-21.00. Ivar Aasen-huset 112

Førstelektor Lars Jørgen Vik:
Alkoholvanane til ungdomsskuleelevane i Volda
Rapporten legg fram resultat frå ei undersøking mellom ungdomsskuleelevane i Volda. Datainnsamlinga skjedde ved at elevane fylte ut eit spørjeskjema i ein skuletime. Resultata vert delvis samanlikna med resultata frå ei tilsvarande undersøking som vart gjennomført i 1994. Nokre av funna i undersøkinga: 41 % elevane svara ja på spørsmålet om dei nokon gong hadde drukke alkohol slik at dei hadde blitt berusa. Den mest vanlege debutalderen for bruk av alkohol gjekk ned frå 14 til 13 år frå 1994 til 1996.
Måndag 22.9. kl. 20.00 - 21.00. Ivar Aasen-huset 108

Amanuensis Svein Brurås:
Journalistikk som promotion: Om sponsormakt og snikreklame i media
Mediene er de senere år blitt attraktive sponse-objekter. Næringsliv, organisasjoner og offentlige myndigheter åpner pengesekken særlig for radio- og tv-produsenter som vil lage «positive» programmer. Hvordan påvirker sponsorpenger og sponsormakt innholdet i mediene i dag? Er journalister, programskapere og redaktører til salgs?
Tysdag 23.9. kl. 12.15-13.15. Hans Strøm-huset 107

Amanuensis Johann Roppen:
Eigarstrukturen i norsk dagspresse: Mangfald med Orkla-garanti
Tysdag 23.9. kl. 14.15-15.00. Hans Strøm-huset 107

Høgskulelektor Ole Einar Torkildsen:
Barns intuitive bruk av komplekse matematiske strukturer
Tangenten, tidskrift for matematikk i grunnskolen, hadde fra starten (1990) en konkyurranse for skoleklasser. Det viste seg at løsningene som ble sendt inn hadde et stort forskingspotensiale. Gjennom analyser av løsningene, forsøker jeg å beskrive, i et rent matematisk språk, matematikken elevene har brukt. Analysen avdekker at elevene bruker matematiske strukturer sem "de ikke har fått undervisning om".
Tysdag 23.9. kl. 14.00-15.00. Henrik Kaarstad-huset 208

Førsteamanuensis Rune Kvalsund:
Når motbakkar går nedover: om særskilt tilrettelagd opplæring i vidaregåande skule
Den vidaregåande skulen skal vere for alle ungdommar mellom 16 og 19 år. Alle har rett til 3 års vidaregåande opplæring tilpassa eigne føresetnader - anten målet er fagbrev eller studiekompetanse. Samstundes møter elevane skjerpa krav om å prestere. Krava til teoretiske kunnskapar er klart større - t.d. i yrkesfaglege studieretningar. I desse studieretningane er utdanninga dessutan betydeleg endra. Det gjeld reduksjonen i talet på grunnkurs. I tilleg skal desse elevane få bedriftsbasert opplæring som kan føre fram til fagbrev. Spørsmålet er korleis det går med dei elevane som treng særskild hjelp og støtte i opplæringssituasjonen. Kva vegar følgjer dei, kva opplæringsvilkår får dei? Dette er hovudspørsmåla i prosjektet Reform 94, særvilkår. Fordraget på forskingsdagane vil gi nokre svar på desse spøesmåla. HVO og Møreforsking samarbeidar om dette forskingsprosjektet etter oppdrag frå KUF. Prosjektet går over tre år.
Tysdag 23.9. kl. 15.00-16.00. Henrik Kaarstad-huset 208

Høgskulelektor Torbjørn Urke:
Sol, måne, stjerner og himmelkonstellasjonar
Torbjørn Urke demonstrerer «Stjerneteltet» - eit mobilt planetarium som vekkjer begeistring både mellom elevar og lærarar «når det kjem på skulebesøk». I samarbeid med det amerikanske firmaet Learning Technologies utvikla Urke ein stjernehimmel med samiske sternebilete bygt på samisk mytologi. SARVA - Den Store Elgen er himmelens hovudfigur. Under framføringa vil publikum få sjå ein naturtru stjernehimmel, dei velkjende greske astrologiske stjernebileta og ikkje minst SARVA,- ei kosmisk jaktscene.
Tysdag 23.9. kl. 18.00-19.00. Henrik Kaarstad, nybygget aud. B

Førsteamanuensis Arnfinn Kjelland:
EDB og lokalhistorie
Foredraget tar for seg EDB som hjelpemiddel i visse typar lokalhistorisk arbeid, særleg handtering av opplysningar om einskildpersonar (s.k. historiske individdata). Det finst i dag store mengder slike data i form av EDB-registrertefolketeljingar, kyrkjebøker o.a. Det er òg enkelt å registrere sjølv (blir demonstrert). Mykje slikt stoff ligg ute på Internett; og sök/bruk av dette blir demonstrert.
Tysdag 23.9. kl. 18.00-19.00. Ivar Aasen-huset 112

Høgskulelektor Gunnar Repp:
Har friluftslivet tapt si uskuld? Ei utvikling Nansen ikkje rådde med - og fylgjer
han knapt kunne ane
Om realisering av ein idé og utforsking av eit problem i form av eit prosjekt. Og: Om det problemfylte perspektivvalet.Verditenkinga åt Nansen og konsekvensane for hans friluftsliv. Eller - omvendt. Interessante innfallsvinklar: Den verdikampen som oppstod gjennom den såkalla «idrettstriden» rundt hundreårsskiftet, kampen om fritida åt samfunnsmedlemmene og tanken om eit friluftsliv «på ville vegar (stiar!)» i dag med Nansen som førebilete.
Tysdag 23.9. kl. 19.00-20.00. Henrik Kaarstad-huset 204 (gamle festsal)

Førsteamanuensis Peter Hallaråker:
Nordmenn og identitet i USA. Etternamn og førenamn i norske innvandrarsamfunn.
Mellom 1825 og 1924 var det om lag 800 000 nordmenn, storparten frå norske bygder, som forlet heimlandet sitt og busette seg i USA.Vi veit frå politelege kjelder at dei definerte seg sjølv ut frå sin etniske bakgrunn og fann eit samlande symbol i sin felles norske kulturarv. Eit hovudtrekk ved denne kulturarven var at han var rural og oral. I dennne munnlege bygdekulturen i heimbygda deira var bruken av målføre og lokale stadnamn sjølvsagd. Den litterære norsk-danske kulturen var mindre kjend og dessutan innført frå Danmark. Den norske bygdekulturen, den innførte norsk-danske litterære kulturen saman med den etablerte amerikanske kulturen i det nye landet skapte ein viss identitetskonflikt hos somme norsk-amerikanarar. Med døme både frå norsk-amerikanske familienamn og stadnamn skal eg prøve å vise at norsk-amerikanarane var splitta, ikkje berre mellom to lojalitetar norsk og amerikansk), men faktisk mellom: 1) Lojalitet til det nye landet, 2) Lojalitet til den lokale bygdekulturen og 3) Lojalitet til den dansk-norske litterære tradisjonen representert av den Lutherske kyrkja, skulen og
17. mai.
Fredag 23.9. kl. 19.00-20.00. Ivar Aasen-huset 112

Høgskulelektor Signe Solberg:
Latterteorier fra Platon til i dag. Et idéhistorisk riss med litterære eksempler
«Av alle levende vesener er det bare mennesket som kan le,» bemerket Aristoteles. Men hvorfor ler vi? Fra antikken til i dag har mange av Vestens store tenkere forsøkt å besvare dette spørsmålet. De mange og dels motstridende teoriene gir ulike innfallsvinkler til fenomenet latter, og til sammen illustrerer de hvor komplisert og mangslungen den menneskelige
latter er.
Onsdag 24.9. kl. 18.00-19.00. Ivar Aasen-huset 108

Førsteamanuensis Gunnar Strøm:
Tobakksforbodet - kva har vi gått glipp av? Ei illustrert førelesing om norske animerte tobakksfilmar frå 1920- og ´30-talet
På 1920- og 30-talet blei den norske reklamebransjen profesjonalisert. Utanlandske produsentar prøvde å kome inn på den norske marknaden. Dette førte til eit kraftig oppsving i bruk av mellom anna kinoreklame, og dei norske tobakksprodusentane med Tiedemann Tobaksfabrik i spissen nytta internasjonalreklamefilm-ekspertise for å halde på kontrollen over den norske tobakssmarknade Gunnar Strøm held på med ein doktorgrad om desse flotte animerte reklamefilmane!
Onsdag 24.9. kl. 19.00-20.00. Ivar Aasen-huset 108
Førsteamanuensis Tor-Johan Ekeland:
Skilsmisseforsking
Auke i skilsmisse og samlivsbrot har vore trenden i dei fleste moderne vestlege land dei siste 25 åra. Kva er bakgrunnen for dette, og kva utfordringar gir det for framtida? I innlegget vert dette drøfta med utgangspunkt i foreldreskapet som den sentrale eininga i familien som institusjon.
Torsdag 25.9. kl. 19.00-20.00. Ivar Aasen-huset 112

Førsteamanuensis Per Magne Aadnanes:
Tal, tid og historie: om tusenårsskiftets mentalitetsmessige føresetnader
Frå tidlegare hundreårsskifte kjenner vi utbrot av visse eigenarta stemningsbølgjer. Både utopiske framtidsvoner og regulær dommedagsfrykt kan ha meldt seg. Ved det siste hundreårsskiftet fekk dette fenomenet til og med eit namn, nemleg «fin de siècle». Når det no nærmar seg eit tusenårsskifte er det all grunn til å spørja kva for kjensler som melder seg denne gongen. Medfører denne spesielle milepelen i tidsrekninga vår noko nytt i forhold til «fin de siècle»-kjensla frå det førre hundreårsskiftet? - Og kva for mentalitetshistoriske realitetar i kulturen vår kan i så fall forklara dei særeigne tusenårskifte-kjenslene? - Det er slike spørsmål vi skal søkja svar på i dette foredraget.
Torsdag 25.9. kl. 20.00-21.00. Ivar Aasen-huset 112

Professor Jørgen Amdam:
Årsaker til manglande skogavverking
Skogbrukararane er ei svært samansett gruppe og at årsakene til at mange av dei høgg lite, i stor grad varierer frå brukar til brukar, bygd til bygd og kommune til kommune. Dette gjer også at dei tiltaka som må setjast i verk for å auke hogsten må være ulike og tilpassast alt etter kven som er målgruppa. Vi vil likevel trekke fram nokre punkt som synest gå att som årsaker til manglande hogst.
Torsdag 25.9. kl. 20.00-21.00. Ivar Aasen-huset 108

Professor Jostein Nerbøvik:
Fyrarbeidarar og nasjonsbygging
Fredag 26.9. kl. 19.00-20.00. Ivar Aasen-huset 228 (auditoriet)

SEMINAR:
Tema: Forskingsformidling
Frå forskarsida: Førsteamanuensis Martin Eide, Universitetet i Bergen
Frå formidlarsida: Journalist Bjørn Westlie, Dagens næringsliv
Innlegg frå salen. Meir informasjon på side 20.
Onsdag 24.9. kl. 12.00-16.00. Hans Strøm-huset. Auditoriet.

BOKUTSTILLINGAR:

På Folkebiblioteket:
Publisering ved Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda
Kl.: 12.00-19.00. Laurdag 11.00-13.00. Fredag stengt.

På Høgskulebiblioteket:
Strøm-huset: Presentasjon av Forskingsprosjekt ved Møreforsking
Kl. 8.30-20.00. Laurdag 10.00-14.00

Kaarstad-huset: Erling Kristvik
Kl. 8.30-18.00. Laurdag 10.00-14.00

Måndag 22.9. - Laurdag 27.9

Del på