Forskingsdagane 2001

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Det er hardt dugnadsarbeid som ligg bak årets forskingsdagar. Ei arbeidsgruppe frå Avdeling for mediefag har hatt ansvaret for å føre Forskingsdagane trygt i hamn.

– Då vi tok over var det berre ein handfull programpostar som var klare. Men takka vere hard dugnadsinnsats, er det no nesten tretti arrangement på Forskingsdagane i år, fortel ei nøgd Heidrun Torbjørnson ved Avdeling for mediefag.

– Dette er det største tilbodet under Forskingsdagane i Volda nokon gong. Me har hatt publikum i fokus når me har arbeidd med programmet, og me håper at mange tek del på dei ulike interessante arrangementa, seier prosjektleiar Heidrun Torbjørnson.

Med seg i arbeidsgruppa har Torbjørnson hatt informasjonsstudentane Kari Anne Riise, Katrine Nalum og Åsne Dahl Torp. Dei trur at både dei tilsette ved HVO og lokalbefolkninga vil merke at det er forskingsdagar i tida 21. til 30 september.

4-01


Blå forskingsdagar
Temaet for Forskingsdagane er i år BLÅ. Tanken er at det skal gå ein «blå tråd» gjennom arrangementet og at temaet skal skape assosiasjonar hos den enkelte av oss.

Framlegget til eit slikt overordna tema for Forskingsdagane 2001 kom fram på eit myldremøte i programnemnda. Der var mellom andre Erling Sivertsen (førsteamanuensis ved Avdeling for mediefag) og Stephen Walton (Ivar Aasen-instituttet) med.

– Tanken er at det skal gå ein «blå tråd» gjennom arrangementet og at temaet skal skape assosiasjonar hos den enkelte av oss. Det kan vere alt frå blues til hav, frå blåfilm til himmel. Slik at alle skal få si eiga oppleving, og at ein skal få tid til å undre seg litt, forklarer Sivertsen


Link til Forskningsdagene 2001:
http://www.hivolda.no/forskingsdagane/

HVO-magasinet nr. 4/01
http://www.hivolda.no/fellesadm/publ/01-4.pdf

Del på