Forskingsdagane 97

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Det var eit stort og variert programtilbod. Frammøte på foredraga varierte ein god del, men var jamt over godt og til dels svært godt på nokre av forelesingane. Interessa frå publikum var over det vi hadde forventa ut frå den erfaringa vi har hatt med slike tilskipingar tidlegare. Arrangementet viste igjen både internt og i lokalsamfunnet, og har fått fleire oppslag i media. Komiteen takkar for den interessa som dei tilsette ved HVO og Møreforsking har vist for arrangementet, og takkar spesielt alle som hadde forelesingar. Alle foredraga er registrerte i FORSKDOK, og dei som ønskjer det kan få foredraga publisert i Notatserien.

- rektor

Del på