Forskingsformidling

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Forskar Martin Eide frå Universitetet i Bergen og journalist Bjørn Westlie frå Dagens Næringsliv, vil med utgangspunkt i sine eigne erfaringar setje søkjelyset på forskingsformidling. Kven har ansvaret? Journalisten, informasjonsarbeidaren eller forskaren?

Formidling av forsking vedkjem oss alle anten vi er forskarar, journalistar, lærebokforfattarar, studentar eller meir vanlege mediekonsumentar. Gjennom bøker, radio og TV, aviser og eit aukande tal fagblad vert forsking formidla og popularisert med vekslande resultat.

Som sentrale aktørar i dette , er journalistar og forskarar ofte usamde om både arbeidsmåtar og verkemiddel. Mange forskarar meiner at popularisering er lik forflating, mens journalistane gjerne hevdar at forenkling og spissformuleringar må til for å nå fram til større målgrupper.

Tre-delt seminar
I første bolken vil Eide og Westlie frå kvar sin ståstad legge ut om forskingsformidling generelt og prisipielt, slik dei opplever det i dag og korleis dei synest det ideelt bør vere.

I del to vil Eide og Westlie fortelje meir konkret om sine eigne erfaringar. Eide tar for seg eiga forsking og formidling av denne. Westlie vil dele erfaringane sine frå ulike oppdrag på trykk og i fjernsyn, og korleis formidlingsarbeidet hans har blitt motteke frå ulike hald.

Til slutt er det sett av tid til diskusjon. Det er høve til å kome med merknader og spørsmål til innleiararne, og vi vonar på eit egasjert og interessant ordskifte både frå fagtilsette og studentar.
Onsdag 24.9. kl. 12.00-16.00
Hans Strøm-huset. Auditoriet

Del på