Forskingsgruppene

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Dei temagruppene som er etablerte førebels er:
· Forskingsgruppa for planlegging, organisering og styring (POS)
· Gruppe for utdanningsforsking (GRUK)
· Faggruppe for kristendomskunnskap og kyrkjefag (FAKK)
· Helse- og sosialforskingsgruppa

Føremålet med gruppene er å ta vare på og utvikle kompetansen innanfor aktuelle forskingsområde i vårt miljø, og stimulere forskingsverksemda. Ei viktig side ved arbeidet er å samle dei som har felles interesser innanfor eit temaområde, og skape eit forum for fagleg debatt der ein kan drøfte konkrete forskings- og utviklingsarbeid, aktuelle prosjektplanar og andre aktuelle tema.

Kvar gruppe har ein gruppeleiar som har eit fagleg ansvar for aktiviteten. Dei som er interessert i meir informasjon om forskingsgruppene kan vende seg til ein av forskingskoordinatorane, Randi Bergem eller Nils Magne Magerøy.

-rektor

Del på