Første dag som student

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Første dagen som student er spennande og litt skummelt. Korleis er det? Vil eg få mange nye venner? Kor skal eg registrere meg? Spørsmåla er mange den første tida, men heldigvis er det mange som er i same situasjon.

Ser fram til å komme i gang
Elisabeth og Hilda skal dele hybel dette semesteret, og har fått bustad gjennom Studentsamskipnaden.

- Vi vart kjent i førgårs på kjøkkenet som vi skal dele på Heltne studentheim, seier Hilda. Ho skal studere journalistikk i tre år og får då ein bachelor.
- Eg valde HVO fordi eg høyrde mediefaga var bra her . Eg veit ikkje kva spesialisering eg skal velje, men trur det blir anten TV eller avis.


IMG_0500_student_525
Hilda og Elisabeth vart kjent allereie den første dagen i Volda, og ser fram til å delta på fadderveka.


Elisabeth var lenge usikker på kva ho ville studere, så ho venta til restetorget før ho søkte på barnevernspedagogutdanning.

- Det er vanskeleg å velje, men eg glad no og ser fram til å komme i gang. Eg har hatt eit fri år og er motivert til å studere, seier ho.

Dei to er einige om at fadderveka er eit høgdepunkt no i starten.

- Det var kjekt å delta på den offisielle opninga og sjå alle studentane som skal vere her, avsluttar Hilda.

Del på