FORVALTNINGSRETT PÅ INTERNETT
<I>Nytt studium i forvaltningsrett startar 10. januar med søknadsfrist 3. januar</I>
• Inga studieavgift
• Studér når du vil og kvar du vil
• Høve til å ta eksamen nær der du bur
• Ingen krav til særskild juridisk forkunnskap
• Kompetansegjevande (5 vekttal)
• God kontakt med førelesar
• Opplæring i bruk av Internett/E-post
Målgruppe:
Sakshandsamarar på alle nivå i offentleg verksemd.
Aktuelle tema:
Rettskjelder, ulike rettsreglar, tolking av og tilhøvet mellom dei.
Stat, kommune og fylkeskommune, tilhøvet mellom dei ulike statsorgana.
Forvaltningsprosessen etter forvaltningslova - ulike typar vedtak, inhabilitet, dokumentinnsyn, formkrav til vedtak, klage, omgjering, legalitetsprinsippet, delegasjon, myndigheitsmisbruk, offentlegheitslova, kontroll med forvaltninga.
Oppbygginga av kommunen, ulike politiske kommunale organ, folkevalde sine rettar og plikter, spesielle kommunale sakshandsamingsreglar.
Studieform:
Forelesingar på Internett, diskusjonsforum, oppgåveinnlevering, kommunikasjon på E-post.
Oppstart: 10. januar 2001. Søknadsfrist: 3.januar 2001
Nærare informasjon:
Kontakt fagansvarleg Bernt Olav Øvregaard,
E-post:bov@hivolda.no eller tlf. nr. 70075191
Søknadsskjema finn du på http://fuv.hivolda.no