Frå kr 14 000 til berre ordinær semesteravg.

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Målsetjing
Studiet skal gi ei generell og heilskapleg rettleiarutdanning i friluftsliv for arbeid med barn og ungdom i barnehage, skule, skulefritid og fritid.

Innhald og organisering
Delstudium, studiesamlingar i ulike naturmiljø
Undervisninga er konsentrert til samlingar. Kvar samling har eit hovudtema ut frå naturmiljø og årstid. Fleire sidetema vil vere med gjennom alle samlingane.

Opphaldet vil i all hovudsak vere utandørs, med overnatting i telt, huk, hytte eller snøhole.

Frammøtestad og utgangspunkt vil vere Høgskulen i Volda. I tilknyting til samlingane vil det vere planlegging og noko undervisning ved skulen.
Det vert fire intensive samlingar ( to haust og to vår ), som kvar går over fem til åtte dagar.

Kompetanse
Eininga gir 30 studiepoeng ( 10 vt ) og kan inngå som del av ein cand. mag.- grad.

Opptak
Grunnlag for opptak er generell studiekompetanse eller realkompetansevurdering. Søkjarar med/under lærarutdanning vert prioriterte. Studiet har 20 studieplassar.

Avdeling for lærarutdanning ved kroppsøvingsseksjonen er fagleg ansvarleg.

Fleire opplysningar om innhaldet i studiet kan ein få hos kroppsøvingsseksjonen v/Geir Humberset (70075372) eller Ola Einang (70075256).

Studentar som vil korrigere fagvalet sitt, tek kontakt med førstekonsulent Johann Wangen (70075309) innan 1. februar 2002.

Del på