Fylkesmesse for studentbedrifter
Få med deg fylkesmessa for studentbedrifter torsdag 6. mars på Høgskolen i Ålesund. Det er første gang Ungt Entreprenørskap arrangerar Fylkesmesse for studentar i Møre og Romsdal. Det er ønskeleg at dette skal bli eit årleg arrangement med studentbedrifter på alle høgskulane i fylket!
Det vert arrangert 5 konkurransar der 14 studentbedrifter deltek, og2 studentbedrifter skal velgast vidare til NM i Oslo. Fylkesmessa er ein møteplass for dei som er interessert i unge gründerar.
Program:
10.00 – 10.15 Opning
10.15 – 11.30 ”To minuttar til å overbevise!” SB presenterar seg for jury og publikum.
10.15 – 14.00 Utstillingane er opne. Du kan møte studentane.
14.00 – 15.00 Avslutning og premieutdeling
Juryen er representantar frå:
Sparebanken Møre, Innovasjon Norge og næringslivet elles, i Ålesund og omegn.
Kva er studentbedrift?
• Studentbedrift er ein metode som gir studentar muligheit til å starte og drive eigen bedrift
innanfor trygge rammer. Studieopplegget kan gjennomførast som ein del av eit studium eller i tilegg til eit studium.
• Å drive ei Studentbedrift gir kunnskap og kompetanse innan bedriftsetablering, økonomi og verdiskaping. I tillegg får studentane verdifull trening i nettverksbygging, samarbeid, problemløysning, kreativitet og idéutvikling.
• Studentane vil gå gjennom prosessar som å utarbeide forretningsplan, innhente kapital, danne bedriftsstyre, registrering i Brønnøysund, marknadsføring og sal, årsrapport, og med tida avvikling av studentbedrifta. Dei får rettleiing frå personar ved høgskule/universitet, og ein eller fleire mentorar frå lokalt næringsliv.
Besøk www.ue.no for meir informasjon om studentbedrifter og Ungt Entreprenørskap.
Kontaktperson: Kirsten Aure: 71258058 / 97733156 kirsten.aure@mrfylke.no
Helsing
Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal og Høgskolen i Ålesund