Glimt frå internasjonal dag

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Dagen starta kl. 11.30 med ei fanfare av nokre frå Symfoniorkesteret. Deretter vart dagen offisielt åpna av internasjonal koordinator Cecilie Wilhelmsen og rektor Jørgen Amdam. Aida Murariu og Armelle Lefebure var konfransierar for dagen, og leia oss gjennom eit forrykande program som presenterte musikk frå ulike verdsdelar, kenyansk og  tsjekkisk dans, sang og ein fantastisk internasjonal lunsj.

Dei internasjonale gjestane våre haldt også appell, der dei uttrykte glede og inspirasjon over å vere invitert til Høgskulen i Volda på ein dag som denne.

Mange studentar tok turen innom dei ulike standene, der dei internasjonale og norske studentane presenterte ”sitt” land. Her fekk ein også spennande smaksprøver frå dei ulike landa.

Trykk på bilete under for å kome til eit lysbildeshow frå dagen.

InternasjonalDag
Internasjonal dag

Del på