Glimt frå nybygget
Kaarstad-huset ved Høgskulen i Volda har fått eit nytt tilbygg som m. a. inneheld dramarom og kontor.
Arkitekten har søkt å skape ei betre og meir harmonisk samanstilling av opphavleg bygning og tilbygg. Dei to generasjonane tilbygg skal saman stå fram som ei eining i farge- og materialbruk.
Byggjearbeida starta opp i desember 2000 og bygget blei teke i bruk i januar 2002. Eigedommen blir framleis i Statsbyggs eige med Statsbygg Midt-Norge som forvaltar. Prosjektramma er på 25,9 millioner kroner.
Foto:pab