God rettleiing og oppfølging – ein nøkkel til suksess

Det siste året har 33 kandidatar levert masteroppgåve i spesialpedagogikk. Fagmiljøet opplever det svært gledeleg at så mange fullfører, og meiner at god rettleiing og oppfølging er viktige faktorar. – Vi har hatt mange gode oppgåver og er fornøgde med at så mange studentar kjem gjennom heile studieprogrammet, seier studieprogramansvarleg Grete Dalhaug Berg ved Institutt for pedagogikk.

Institutt for pedagogikk rekrutterer studentar frå heile Noreg til mastergradsprogrammet i spesialpedagogikk. I løpet av dei siste seks åra har studiet utvikla seg mykje, og fokuset på forsking har blitt stadig viktigare. – Vi har eit profilert fagmiljø med stor forskingsaktivitet og ei ettertrakta kompetanse. Dette gir eit positivt fokus på Volda, og vi ser at det er motiverande og spennande for studentane våre å kunne ta del i denne forskinga, fortel Grete Dalhaug Berg.

Fokus på god rettleiing og oppfølging
Instituttet har fokus på god rettleiing og tett oppfølging av studentane. Etter kvar samling er det evaluering med studentar og fagleg tilsette for å vurdere om noko bør justerast, som til dømes litteratur eller eksamensform.
– Vi har lukkast med å få til eit samarbeid med eksterne sensorar som gir vurdering av dei ulike emna. Dette systemet, saman med evaluering etter kvar samling, er ei god kvalitetssikring, og vi får raskt gjort noko med det som ikkje fungerer, seier Dalhaug Berg.

179bf1f549822a3158c60f251de0c7ccba8a3422
Studieprogramansvarleg Grete Dalhaug Berg trur at god oppfølging og rettleiing er viktig for at studentane fullfører mastergradsutdanning i spesialpedagogikk. 

Nytt for i år er ei kickoff-samling  for dei som er ferdige med forskingsmetode og skal ta til på masteroppgåva. Fire dagar i vårsemesteret er lagt opp til rettleiing og utarbeiding av ein eigen forskingsplan. Her er det fokus på god kontakt og samarbeid mellom studentar og fagleg tilsette. Tilbakemeldingar frå studentane viser at dette var eit svært vellukka opplegg og ein god måte å kome i gang på.

Spesialpedagogikk – eit mangfaldig tema
Frå august til desember 2008 leverte 13 kandidatar masteroppgåve, og frå juni 2007 til desember 2008 fullførte til saman 33 kandidatar. Tematikken i oppgåvene er variert, som til dømes tilpassa opplæring, bruken av individuell opplæringsplan, inkluderingsperspektivet i skule og barnehage og LP-modellen (læringsmiljø og pedagogisk analyse). Det siste året har også nokre av studentane vore kopla til forskingsprosjekt på høgskulen (les meir her).
– Det er eit vidt spekter i val av tema. Studentane har gjennomført eiga forsking på eit tema og gjennom oppgåveprosessen kome fram med og drøfta viktige tema innanfor det spesialpedagogiske feltet. Det er mange innfallsvinklar til spesialpedagogikk, og ofte vel studentane foreldre- eller lærarperspektivet. Noko eg har lagt merke til, er at fleire takkar biblioteket i forordet på masteroppgåva. Vi har eit godt samarbeid med biblioteket og ser kor viktige dei er på dette nivået, seier Grete Dalhaug Berg.

Nyttig og viktig kompetanse
Spesialpedagogikk er eit populært studietilbod både som mastergradsutdanning og som vidareutdanning. Det er ei positiv kompetanseheving for lærarar og førskulelærarar ved at dei får tileigne seg god og solid kunnskap om det spesialpedagogiske feltet, noko som er nyttig og viktig for arbeidsplassane dei er knytte til og kommunane der dei er. Dei kan til dømes brukast som rettleiarar overfor skular og barnehagar og til å hjelpe skular og barnehagar til å utvikle og fornye seg.

Studiet opnar for nye karrierevegar. Studentane er oppdaterte på det siste innan forsking i det pedagogiske og spesialpedagogiske feltet, noko som gjer dei ettertrakta på arbeidsmarknaden.
– Utfordringa vår er å vere opne for justeringar for å møte behova. Eit døme er forslaget om ny lærarutdanning. Dette krev nytenking frå vår side og opnar for nye innfallsvinklar, avsluttar Dalhaug Berg.

Del på: