GUNNAR STAVE ATTVALD SOM REKTOR

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Tysdag 7. mars 2000 vart det avvikla val av rektor. Det var to kandidatar som stilte til val - Sverre Liestøl og Gunnar Stave.

Oppteljinga av stemmene etter rektorvalet viste dette resultatet

val1


* Ugyldige stemmer vart ikkje rekna inn i det totale talet avgitte stemmer.

Omrekna til stemmeekvivalentar etter styret sitt vedtak om vekting av stemmene (stemmene til studentane 25%, stemmene til fagleg tilsette 60% og stemmene til teknisk/adm. tilsette 15%), vert resultatet slik:

30,09 % stemte for Sverre Liestøl
62,37 % stemte for Gunnar Stave
7,54 % stemte blankt

stave
Gunnar Stave går inn i ein ny periode som rektor


Valstyret gjer merksam på at 1 student hadde røysta på alle tre stadene. Spørsmålet om eventuelt tap av stemmerett vil bli teke opp med Kyrkje-, utdannnings- og forskingsdepartementet.



NOMINASJON - PROREKTOR

NB! Nominasjon: F.o.m. 9. mars t.o.m. 16. mars 2000
Førehandsstemming: F.o.m. 3. april t.o.m. 7. april 2000

Prorektor vert valt ved urneval tysdag 11. april 2000.
Val av prorektor skjer på same måte som ved val av rektor.

Torsdag 9. mars 2000 vert det plassert ut urner for å levere inn framlegg til kandidatar ved prorektorvalet i resepsjonane i Kaarstad-huset, opningstid kl. 10.00 - 14.00 og i Berte Kanutte-huset, opningstid kl. 08.00 - 15.45.

Framlegg til kandidat skal vere underskrive av den som kjem med framlegget. Framlegg som ikkje er underskrivne, vert det ikkje teke omsyn til.




Les meir på Nærnett sine sider:
http://www.avis.hivolda.no

Del på