Gurin-regissøren til Volda
Nille Tystad har regissert og hatt hovudansvaret for teiknefilmen "Solan, Ludvig og Gurin med reverompa". Torsdag 3/9 kjem ho til Volda Filmteater for å snakke om filmen.
Før framsysningane kl. 18.30 og 21.00 vil ho halde ei innleiing om arbeidet med filmen.
Nille Tystad har lang erfaring frå teiknefilmarbeid både i Noreg og i utlandet. Ho er dotter Bjørn og Anna Tystad Aronsen som begge vert rekna mellom veteranane i norsk animasjonsfilm.
Fleire tidlegare Volda-studentar har arbeidd på "Gurin". Fredag 4. september skal Nille Tystad møte dei nye animasjonsstudentane på HVO.