Haldningsskapande kurs

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Kurset "Det er mitt valg - Lions Quest" er utarbeidd i USA og tilrettelagt for norske forhold av ressurspersonar frå ulike samfunnsvitskaplege fagfelt.Lions er sponsorar for kurset i og med at det har ein rusførebyggande profil.

l-gruppe1
Frå seminaret

Kursopplegget er oppbygd av tre modular som byggjer på kvarandre.Modulane er tilrettelagt for forskjellege klassesteg slik at det førebyggande arbeidet vert ei kontinuerleg satsing frå 1.-10.klassesteg.

-Målet er å hjelpe barn og unge til ein positiv sosial adferd. Eigenskapar som å ta hensyn til andre, vise medfølelse, kunne samhandle, utvikle vennerelasjonar og ta ansvar er viktige element i det førebyggande arbeidet i skulane, seier instruktør Wenche Skadberg.

WENCHE
Wenche Skadberg

-"Det er mitt valg-Lions Quest" programmet er eit verkty for læraren i arbeidet med å utvikle desse egenskapane i klassemiljøarbeidet.Vidare rettar ein merksemda mot det å utvikle gode heim - skulerelasjonar og engasjement i forhold til nærmiljøet, fortel Skadberg.
Kurset har før vore brukt av lærarar, barnevernspedagogar, sosionomar og politi. Lærarutdanninga ved Høgskulen i Volda er den andre institusjonen i Noreg som tilbyr kurset til studentar. På sikt vonar vi at dette kan verte eit tilbod til alle lærarstudentane i landet,seier Wenche Skadberg.
LGRUPPE2
Leik og prosjektarbeid er ein sentral del av kursopplegget

Del på