Halvorsen vald til stipendiatleiar
Stipendiat Lars J. Halvorsen (f. 1975) ved Møreforsking Volda vart i helga vald til leiar i Stipendiatforeningen i Norge (SIN) under landsmøtet på Ås.
Stipendiat Lars J. Halvorsen representerer stipendiatforeninga i Volda som vart starta i fjor. Organisasjonen er med i den europeiske stipendiatorganisasjonen Eurodoc.
Halvorsen kjem frå Fredrikstad og har hovudfag i sosiologi frå Universitetet i Bergen. Han vart tilsett som den første doktorgradsstipendiaten ved Møreforsking Volda i 2002 under det Strategiske instituttprogrammet i kommunikativ planlegging som vert leia av Jørgen Amdam. Doktogradsprosjektet til Halvorsen handlar om ulike organisasjonsmodellar innan havbruk. |