Hans Strøm og Sunnmøre i nytt lys

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Boka det er snakk om er Hans Strøm si «Annotations Boog over de Merkværdigheder som udi Syndmørs Fogderie forefindes indrettet. Anno 1756».

Utgangspunktet for boka er eit orginalmanus på over 250 sider med gotisk skrift. Førsteamanuensis Terje Aarset og Ragnar Standal har gjort eit imponerande arbeid med å tyde dei handskrivne sidene, som utan å overdrive kan karakteriserast som tettskrivne.

- Denne boka er kladden til Søndmørs Beskrivelser. I ordet annotation ligg det at det er merknader, eller det som er verd å merke seg, fortel Aarset.

Det er mykje interessant stoff i denne «kladdeboka» som ikkje har kome med i «Sundmørs Beskrivelser». For den som er interessert i sunnmørsk historie, er denne nye boka ein glimrande innfallssport med stoff om fugle- og dyreliv, fiske, båtbygging, steinsortar, matrettar osb.

Det er Haram kulturhistoriske lag som står som formell utgjevar, men Aarset forsikrar at utan Høgskulen i Volda sin medverknad ville det ikkje vere mogleg å gjennomføre dette prosjektet.

Litt om Hans Strøm
Hans Strøm vart fødd 25.1.1726 i Borgund på Sunnmøre. Foreldra var prost
Peder Strøm (1682-1741) og Gunhild Susanna Hagerup (1687-1764). Hans Strøm var nest eldst i ein syskenflokk på fire. Sysken: Aarsille Cathrine (1724-1748), Ole (1726-1782) og Jens Henrik (1729-1800).

Strøm tok teologisk embetseksamen 1745. Han budde heime hos mora i Borgund 1745-1750 og dreiv sjølvstudiar i ortodoks-pietistisk og filosofisk litteratur i farens bibliotek. Gav noko privatundervisning ved sidan av. Strøm var deretter kapellan hos sokneprest Meldahl i Borgund i 14 år, frå 1750 til 1764. Sokneprest i Volda 1764-1779. Vart i denne tida særleg renommert som naturforskar. Innvotert medlem i vitskapsselskap i Noreg, Danmark, Sverige og Tyskland. Forlet Sunnmøre i 1779 og vart sokneprest i Eiker 1779-1797. Skjøtta kallspliktene og granskingsarbeidet på same vis som i Volda.

I 1750-åra kom Strøm over Pontoppidans naturhistorie og Linnés botaniske arbeid. Tok sjølv til med granskingar og reiste på fleire ferder kring om på Sunnmøre. Notatar frå reisene i Annotations-Bog. Resultata vart publiserte i Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør I-II (København, 1762-1766), eit verk som etablerte Hans Strøm som ein av si tids vitskaplege autoritetar. Han følgde opp dette arbeidet med ei rekkje artiklar, der særleg det naturvitskaplege området var sterkt representert.

Andre del av 1700-talet er gjerne kalla opplysningstida. Med dette omgrepet legg ein gjerne vekt på at kunnskap og vitskap overtok der religiøs tru og dogmatikk før hadde dominert. Dette galdt både ute i Europa og i Danmark-Noreg.

Eitt kjenneteikn på at ei ny tid var i emning var dei mange selskapa med patriotisk vitskapsinteresse som vaks fram. Hans Strøm hadde tilknyting til fleire av dei, men vi finn han òg i rolla som inspirator og rettleiar. Den funksjonen øvde han både i høve til yngre embetskolleger og opplyste personar frå allmugen.

Hans Strøms vitskaplege forfattarskap er av dei større frå 1700-talet. Det spenner over fleire fagfelt (naturvitskap, teologi, samfunnsvitskap), og det inkluderer - i tillegg til det 1100 sider store verket om Sunnmøre - større verk som Tilskueren paa Landet I-II (1775-76), Physisk-oeconomisk Beskrivelse over Eger-Præstegiæld i Aggershuus Stift (1784) og Prædikener over alle Søn- og Festdages Evangelier til Andagtsøvelser for Almuen (1792). Hans Strøm tok elles teologisk doktorgrad (1790) på eit arbeid om urkristendommen.

Hans Strøm døydde i Eiker 1.2.1797, knapt 71 år gammal..

Del på