Hederleg omtale av dokumentarfilm frå Volda

På Minimalen kortfilmfestival som gjekk av stabelen i Trondheim 22. mars, fekk dokumentarfilmstudentane Tine Grønneberg og Robin Jensen hederleg omtale av juryen for filmen " Mats og Inga lager film ".

I den 25 minutt lange filmen er vi med studentane Mats Grorud og Inga Sætre frå Avd. for mediefag i arbeidet med å lage animasjonsfilm.
Juryen sa mellom anna om filmen : " En varm og sjarmerende bakomfilm fra animasjonsfilmens verden som klarer å gi dukkene liv og personlighet.Både instruktiv og underholdene ".

" Mats og Inga lager film " skal visast på Den norske dokumentarfilmfestivalen i Volda i slutten av april.

Del på: