Heimkunnskapsfaget i nye lokale
Lærarutdanninga i Volda har hatt tilbod i heimkunnskap i 15 år utan eigne rom til denne undervisninga. Men i vår blei det sett i gang arbeid for å få lage til spesialromma som faget må ha.
- Det nye heimkunnskapsrommet er plassert i kjellaretasjen i Henrik Kaarstad-huset, og vi har i alt fått 120 kvadratmeter til disposisjon. Det har blitt eit tenleg lokale som alle gler seg over. Tidlegare har vi leigt lokale ved Volda ungdomsskule, noko som har vore svært tungvint med mykje farting fram og tilbake både for studentar og dei som har arbeidd der, seier fagleg ansvarleg Heidi Brunstad.
Spisekroken.
Fleire studentar
Heimkunnskap er eit av dei minste faga på høgskulen , men i grunnskulen er faget eit av dei mest populære. Og populært har faget også blitt blant studentane ved HVO, i år er det 60 studentar på kurset.
Heimkunnskap er karakterisert som eit praktisk fag i lærarutdanninga ved sidan av kroppsøving. I den nye lærarutdanningsreforma skal alle studentar ha eit praktisk fag i si utdanning, og då må studentane anten velje kroppsøving eller heimkunnskap i tredje studieåret. Dette er noko av grunnen til at ein har fått fleire studentar i heimkunnskap.
Vidareutdanning
- Målet for framtida er å gi vidareutdanning i faget både til studentar og dei som allereie underviser i skulen. Heimkunnskap er det faget i grunnskulen som har færrast kvalifiserte lærarar, og dette er sjølvsagt ei utfordring for lærarutdanninga, seier Brunstad.
Fagleg ansvarleg Heidi Brunstad.
I følge Brunstad kan HVO kanskje alt neste haust gi tilbod om ei halvårseining i heimkunnskap. Høgskulen har i sommar fått ein plan for kompetanseutvikling i heimkunnskap frå departementet som innheld etter- og vidareutdanningstilbod i heimkunnskapsfaget.
- Med nye gode lokalitetar på høgskulen i Volda ligg det til rette for fleire tilbod i dette faget. Og kunnskap om mat og ernæring er kunnskap som mange ynskjer, avsluttar Brunstad.