Helgetantene

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Studentane Birte Lefdal (sosionom), Anne Marit Grønvold (sosionom) og Jeanita Hatlestad (barnevern) er tilsett som helgetanter. Dei har ansvar for tre born kvar.

- Vi tok på oss denne jobben fordi den er relevant for studiet vårt. Avlastingshelgane er ganske intensive og vi er ganske slitne etterpå, men vi er glade i born og trivast kjempegodt saman med dei, seier Birte.

 

Det har stort sett vore åleineforeldre som har nytta seg av dette tilbodet tidlegare. Grunnen kan vere å få betre tid til oppgåveskriving eller rett og slett få ei frihelg. Denne våren er avlastinga lagd til 8. – 9. mars og 19. – 20. april.

Anne Marit fortel at både born og foreldre er veldig fornøgde med tilbodet.

- Sidan tilbodet berre er to til tre gongar i semesteret, gler borna seg til å kome attende. Vi leikar og kosar oss. Så ligg borna i sovepose på ei madrass på golvet. Alle ligg i same rommet og dette er ganske spanande for borna, fortel Anne Marit.

 

HelgetanteneStor

Anne Marit Grønvold (t.v.) og Birte Lefdal er to av helgetantene og stortrivast saman med borna.

Tekst og foto: Janita Mo

Del på