Hev kompetansen!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

I dette heftet gir vi deg informasjon om utdanningstilboda våre som er utvikla med tanke på deg som ønskjer å byggje vidare på utdanninga di.

Samfunnet er i stadig endring, og vi blir i aukande grad stilt overfor nye kompetansekrav. Livslang læring har derfor blitt ei sentral målsetjing for høgre utdanning. Høgskulen i Volda har sett fokus på deltidsstudenten og arbeidslivet sitt kompetansebehov, og har tilrettelagt utdanningar for deg som treng å kombinere studium og arbeid.

Deltidsstudia våre er tilpassa ulike målgrupper og studiesituasjonar. Studieformene kan variere mellom å være samlingar, reine nettstudium eller ein kombinasjon av desse. Dette gjer det mogleg å kombinere studium med ein arbeidssituasjon.

Høgskulen i Volda har lang erfaring med fjernundervisning i mange ulike former og har i dag mange ulike måtar å møte studentar på, heilt frå det fysiske møtet i Volda til det virtuelle på internett. Fleire studium er også tilrettelagt gjennom Studiesenteret.no, noko som gir høgskulen eit nasjonalt nedslagsfelt.

Med denne katalogen presenterer vi ein oversikt over utdanningstilboda for studieåret 2008-2009. Som deltidsstudent kan du velje mellom ei rekkje studium på ulike nivå innanfor mange fagområdar.

Vi er stolte av å kunne presentere eit breitt og relevant studietilbod, og ønskjer deg velkommen som deltidsstudent.

Med helsing
Jørgen Amdam, rektor

stort_copy

Du kan laste ned deltidsheftet 08/09 her  (pdf).

Del på