Historie mellomfag i Ålesund
Høgskulen i Volda kan for første gong tilby desentralisert mellomfagstillegg i historie frå og med januar 1998. Kurset vil gå i Ålesund.
Vekt på det lokale
For første gong er fylkeshistoria for Møre og Romsdal eit sentralt emne. Pensum er såleis delt mellom fylkeshistorie og global historie.
Hovudemnet Fylkeshistorie ser på tida frå 1600-talet til 1970. Økonomiske og kulturelle skilnader mellom dei tre fylkesdelane, skilnader mellom kyst og fjord og tilhøvet mellom by og land er sentrale tema. Førsteamanuensis Arnljot Løseth peikar på at det er klare samanhengar mellom utvikling i fylket vårt og andre stadar i verda. T. d. kan ein i dag sjå likskapar mellom delar av Aust-Asia og Sunnmøre i mellomkrigstida.
Fylkessoga
Arnljot Løseth, Atle Døssland og Jon Tvinnereim, alle tilsett ved HVO, har skrive kvar sitt bind av fylkeshistoria for Møre og Romsdal.
Søknadsfrist
ër 15. november (sjå utlysing i pressa) Du kan også ta kontakt med Kontor for etter- og vidareutdanning ved høgskulen. Tlf: 70 07 53 15 eller 70 07 53 18.