Historisk samarbeid gjennom Karriereprosjektet

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Karriereprosjektet i Møre og Romsdal er sett i gong på initiativ frå Møre og Romsdal fylke, og Ørsta/Volda er valt som eitt av 5 pilotstadar for å prøve ut i praksis ein betre modell for yrkes- og utdanningsrettleiing. Desse pilotstadane er Ørsta/Volda, Stranda, Fræna, Kristiansund og Surnadal. Undersøkingar frå tidlegare år har vist at karriererettleiinga ikkje har vore god nok. Noko av det resultata peikar på er at om lag 30% ikkje fullfører vidaregåande, og mange i aldersgruppa 20-29 flyttar frå fylket. Målet med karriereprosjektet er å spisse karriererettleiinga til den enkelte elev, slik at ein kan komme på bana med rettleiing og orientering tidlegare.

- Det er viktig at elevane blir kjent med næringslivet, høgskulen og seg sjølve, seier Ann Turid Andersen Egset som er lokal koordinator for pilotprosjektet.

 

 

IMG_8284_magasin2

Den lokale prosjektgruppa gleder seg til utprøvinga av prosjektet: Guttorm Ulla (NHO), Inger Vatten (Ørsta Ungdomsskule), Kai Raaberg (Volda ungdomsskule), Ann Turid Andersen Egset (lokal koordinator for prosjektet, Ørsta vgs.), Inge Kvamme (Volda vgs.), Margaret Alme (Volda vgs.), Ove Krumsvik (Volda ungdomsskule), Kjell Dale (Volda vgs.), Guttorm Sætre (Ørsta vgs.), Eirik Bech (Høgskulen) og Signe Valsø (Høgskulen).  

 

 

Eit praktisk fag

Programfag til val har 4 veketimar over tre år. Faget skal vere innført i alle ungdomsskular i landet hausten 2008. Alt frå 8.klasse har elevane faget på timeplanen, og dei skal mellom anna arbeide med eigne interessetestar, utarbeide interesseprofil, identifisere interesser og dugleikar, gjere seg kjent med lokalt næringsliv og utdanningsprogram i den vidaregåande skulen og høgskulesystemet. I 9. klasse skal elevane velje to utdanningsprogram som dei skal fordjupe seg i.

Denne veka er det 9. klassingane i Ørsta og Volda som står for tur, der dei skal få prøve ut eit av utdanningsprogramma dei har valt. Dei skal først vere i den vidaregåande skulen, for deretter åsmake på Høgskulen sine utdanningsmoglegheiter. Programfag til val er eit praktisk fag, og elevane skal kjenne at dei gjer noko. Både dei vidaregåande skulane og Høgskulen har tilpassa timeplanen, slik at elevane får best mogleg orientering og innblikk i valt studieretning.

- Elevane skal mellom anna få vere med på ei rettssak, som VKII studentane har laga til. Dette er ein del av rettslærefaget, seier Inge Kvamme ved Volda vidaregåande skule.

- Høgskulen i Volda har laga eit opplegg tilpassa den studieretninga eleven har valt, der dei ulike fagområda ved Høgskulen får presentert sine studietilbod og utdanningsmoglegheiter. Nokre av elevane får treffe dramastudentane å delta i teatersport, andre får oppleve konsert med musikkstudentane, treffe allmennlærarstudentar, eller lære om musikkvideo, seier marknadskoordinator ved Høgskulen i Volda, Eirik Bech.

Ein håper at prosjektet vil sette i gang ei prosess og gi svar på spørsmål som ”passer dette med mine interesser, tankar og draumar?” Karriereprosjektet er eit prøveprosjekt, som ein skal evaluere i etterkant ved hjelp av spørjeundersøking, elevrapportar og evaluering i prosjektgruppa. Frå hausten-08 skal også Sjustjerna (dei sju kommunane på Søre-Sunnmøre) inn i samarbeidsprosjektet.

Høgskulen si rolle

Elevar frå Volda ungdomsskule kjem hit til Høgskulen på onsdag, medan elevar frå Ørsta ungdomsskule kjem fredag. Til saman er 200 elevar involvert i prosjektet, fordelt på studiespesialiserande og yrkesretta val. Du kan lese meir om opplegget dei skal ha her ved Høgskulen på www.hivolda.no/karriere.

- For Høgskulen i Volda er dette ein ny måte å tenke på, då det er ei yngre og annan målgruppe enn det vi vanlegvis arbeider mot. Vi tenker naturlegvis at dette er elevar vi kan ønske velkommen som studentar, men på den andre sida vil vi ikkje berre rekruttere, men også vere vårt samfunnsansvar bevisst å gi rettleiing og synleggjere moglegheitene innan offentleg sektor, seier Eirik Bech.

 

Næringslivet

NHO er ein sentral del av nettverksgruppa og representerar næringslivet. Bedriftene i regionen har gitt god respons til prosjektet, og vil vere med på samarbeidet.

- Dei elevane som heng fast ved valet sitt i 9. klasse, får prøve det ut i næringslivet. Prosjektet sine overordna mål er å gi auka kvalitetssikring, progresjon og heilskap. Næringslivet er lite kjent for ungdom, og sjansane for å sjå alle moglegheitene er små.Prosjektet kan derfor vere med å synliggjere, seier Guttorm Ulla frå NHO.

Ein arbeidar med å lage ein nettbank, som skal fungere som bindeledd mellom skule og næringsliv. Dette er eit spennande prosjekt, som skal gi elevane betre oversikt over karriere og yrkesmoglegheiter i området. På denne måten er det på sikt ikkje nødvendigvis læraren som rettleier, med det nettverket ein skaper gjennom Programfag til val.

Del på