Høgare utdanning for stadig fleire

KUF foreslår at søkjarar over 25 år utan vidaregåande opplæring kan kome inn på studium ved universitet og høgskular med godkjend realkompetanse.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet foreslår at moglegheitene for opptak til høgre utdanning vert utvida.

Universiteta og høgskulane skal vurdere om søkjaren har gode nok kvalifikasjoner. Regjeringa foreslår ei lovendring som skal ut på høyring. Dette er eit viktig grunnlag for Kompetansereformen og livslang læring.

Statsråd Jon Lilletun seier til KUF at opptak på grunnlag av realkompetanse i praksis tyder at søkjarar kan verte tatt opp etter ei individuell vurdering av kunnskapar, praksis og innsikt som er tileigna utanfor utdanningssystemet.

Om søkjaren kjem inn på eit universitet eller ein høgskule grunna
realkompetanse og greier eksamen ved eit studium på minst eitt års lengde, vil studenten deretter ha generell studiekompetanse.


Les heile artikkelen i KUF Aktuelt: http://odin.dep.no/kuf/publ/info/200001/s8.html




Informasjonskontoret
Trude K. Dalen




Del på: