Høgre utdanning i Noreg
Rektor Stave kommenterer innstillinga frå Mjøsutvalet.
Mjøsutvalet
Oppfatningane om kunnskapssamfunnet har blitt framstilt som vår tids store forteljing. Denne forteljinga ligg i botnen for den utdanningspolitiske debatten for tida, og den set sitt sterke preg på innstillinga frå Mjøsutvalet. Den har eit tyngdepunkt der fokus blir lagt på relevans, og den ser ut til å drive fram eit paradigmeskifte i utdanningspolitikken der den sosialdemokratiske planleggingshorisonten blir erstatta av deregulering, konkurranse og meir marknadsorienterte incentivsystem. Eg tolkar dette som ein ideologisk korreksjon i oppfatningane om høgre utdanning, frå ein idealistisk modell med tyske førebilete til ein meir resultat- og marknadsorientert modell med amerikanske førebilete. Den tyske tradisjonen har måtta vike for ei "amerikansk" omdefinering av kontrakten mellom universitet og samfunn. Samfunnet skyt så og så mykje inn i UoH-sektoren, men krev å få noko tilbake. Institusjonane i kunnskapsallmenningen har tent oss bra i lang tid, seier forskingsmeldinga, men no er utfordringa å trekke opp ein politikk slik at dei kan tene samfunnet enno betre. Måten å tydeleggjere kva ein får tilbake, er å måle og telje. Tankegangen har vakse fram gjennom 80-åra, saman med førestellingane om den nye staten. I Noreg var det stor interesse for slike tankar rundt Ottosen-komiteen, men då med stor vekt på distriktspolitikk. DH-skulane skulle styrke regionane og distrikta. Den gongen var studentane i sterk opposisjon til forslaga. I dag er studentane saman med fleirtalet i Mjøsutvalet for å drive fram ei slik utvikling.
Då innstillinga blei lagt fram, understreka Mjøs at utvalet hadde ei felles oppfatning om at det nye "kunnskapssamfunnet" krev omstilling i høgre utdanning. Omstilling gjer det nødvendig med fristilling og ansvarleggjering av institusjonane. Sentraldirigering går ikkje lenger. Vi må satse på deregulering og konkurranse på grunnlag av marknads- og kvalitetsbaserte incentivsystem. Dette blir følgt opp i konkrete forslag:
· Ny organisasjonsmodell:
Fleirtalet går inn for at statlege universitet og høgskular blir organiserte som eigne rettssubjekt på grunnlag av ei eiga særlov (særlovsselskap). Eit mindretal foreslår at institusjonar blir organisert som forvaltningsorgan med utvida fullmakter
· Ny styringsordning:
Fleirtalet går inn for eit styre med 11 medlemer - 6 eksterne, altså eksternt styrefleirtal. Det blir foreslått å opprette eit kollegialt styringsorgan med lovbaserte oppgåver (fleirtalet) eller oppgåver delegert frå styret (mindretalet). Rektor blir øvste leiar som legg fram saker for styret. Utvalet er delt i synet på korleis rektor skal tilsettast. Styringsordninga på lågare nivå bør fastsettast av institusjonane sjølve - basert på kollegial styring
· Nytt uavhengig fagleg akkrediterings- og evalueringsorgan:
Utvalet foreslår at det blir oppretta eit Senter for evaluering og akkreditering som skal hjelpe institusjonane i utviklinga av kvalitet i utdanningstilboda, og godkjenne grader og yrkesutdanningar
· Dette inneber at kvalitet i læringsmiljøet skal settast i fokus:
Utvalet foreslår at det skal satsast på arbeid med studiekvalitet og læringsmiljø, og at evalueringsformer og bruken av nasjonale rammeplanar må revurderast
· Forskinga sin plass:
Utvalet foreslår at det skal satsast meir på forsking og forskarutdanning slik at norsk forsking kjem opp på sama nivå som andre OECD-land. Det skal opprettast eit organ for forskingspolitiske spørsmål på ministerplan. Talet på stipendiatar bør aukast, og det blir foreslått å opprette senter for framifrå forsking
· Gradstrukturen:
Utvalet foreslår at gradssystemet blir endra slik at den normerte studietida for lågare grad blir 3 - 3,5 år (bachelor), høgre grad 5 år (master), og doktorgrad 8 år. Utvalet tilrår at det blir sett nærare på korleis lærarutdanninga skal organiserast i det nye systemet
· Institusjonsstrukturen:
Utvalet foreslår at dei eksisterande institusjonsnemningane framleis blir lagt til grunn for arbeidsdelinga mellom dei høgre utdanningsinstitusjonane. Men, dersom dei faglege føresetnadane er til stades, skal det bli mogleg å omdanne høgskular til universitet
· Finansiering:
Utvalet foreslå at finansieringa blir delt i ein forskingsdel og ein utdanningsdel. Finansieringsordninga skal løne institusjonane for resultat og kvalitet i utdanning og forsking. Den sentrale styringa skal i form av kontraktar mellom departementet og den einskilde institusjon. Ein del av den statlege finansieringa skal knytast til den einskilde studenten ved at det blir oppretta ei ordning med statlege finansierte gebyrstipend ("voucher"), som følgjer studenten
Debatten om innstillinga er i gang, og innstillinga er no sendt på høyring. Høyringsfristen er sett til måndag 2. oktober 2000. Vi vil legge opp til ein intern prosess ved HVO, som vil gi alle høve til å delta i debatten om innstillinga.
Rektor Stave