Høgskolesamarbeid Møre

Det er no klart at prosjektet Høgskolesamarbeid Møre blir starta opp frå 01.01.02. Dette er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og dei tre høgskulane i Møre og Romsdal.

Høgskolane tok kontakt til fylkeskommunen i vår, med ønske om medverknad frå regionale styresmakter i arbeidet for å bygge samarbeid mellom høgskolane, og styrke høgare utdannings- og forskingsaktivitet i regionen. Dette samarbeidet har resultert i:
Høgskolane og fylkeskommunen set nå igang prosjektet ”Høgskolesamarbeid Møre”
Fylkesrådmannen tilrår i fylkeskommunen sitt budsjett for 2002 at 50 mill. kroner av fylkeskommunen sitt kapitalfond blir øyremerka til ”Kompetansefond for Møre og Romsdal”


1. HØGSKOLESAMARBEID MØRE
Den langsiktige visjonen for samarbeidet er å utvikle eit nasjonalt og internasjonalt fagleg sterkt høgskolemiljø – som kan oppnå status som universitet/vitskapleg høgskole i løpet av 8-12 år.

Målet for prosjektet er:
Styrke prioriterte fagområde og samarbeid som er viktige for kvalitet og nivå ved høgskolane med sikte på eit konkurransedyktig ”Møreuniversitet”. Dvs. utvikling av eit samla sterkt miljø i ein nettverksmodell.
Styrke samhandlinga mellom høgare utdanning/forsking og nærings- og samfunnsliv.

Aktivitetane i prosjektet er:
1. Å mobilisere og utnytte potensialet ved samarbeid knytt til:
- Nye studietilbod ved å kople område der dei enkelte høgskolane er sterke og tilby utdanning på eit høgare nivå, t.d. bachelor og masterutdanningar
- Etter- og vidareutdanningstilbod
- Samarbeid mellom høgskolane og næringslivet

2.Utgreie modellar av nettverkshøgskole-/universitet - modellar som er fleksible og nytenkjande i forhold til eit evt. ”Møreuniversitet”. Det vil også bli etablert kontakt med Høgskolen i Sogn og Fjordane for drøfting av evt. tettare samarbeid.

Prosjektleiar: Jan Driveklepp, tidlegare direktør ved Høgskolen i Volda, er tilsett som prosjektleiar for prosjektet frå 01.01.02 – 30.06.03. Prosjektet er finansiert av Kommunal- og regionaldepartementet, fylkeskommunen og høgskolane.


2. KOMPETANSEFOND FOR MØRE OG ROMSDAL
Eit samrøystes fylkesting vedtok 16. oktober at Møre og Romsdal fylkeskommune skal øyremerke delar av kapitalfondet til Kompetansefond for Møre og Romsdal. Fylkesrådmannen har i budsjettframlegget for 2002 tilrådd at 50 mill. kroner skal øyremerkast til Kompetansefondet.

Avkastninga av fondet skal nyttast til å styrke prioriterte fagområde (område der høgskolane har knutepunktfunksjon) og samarbeid som er viktig for kvalitet og nivå ved høgskolane med sikte på eit konkurransedyktig ”Møreuniversitet”, t.d. ved støtte til doktorgradsstipend, post-doc stipend og utvikling av nye tverrfaglege studieprogram (t.d. marin/maritim logistikk)
styrke samhandlinga mellom høgare utdanning/forsking og nærings- og samfunnsliv, t.d. ved to-vegs hospiteringsordning mellom høgskole og næringsliv. Det er føresett at mulighetene for medverknad frå næringsliv og kommunar i fondsoppbygginga blir undersøkt.


GRUNNGJEVING FOR SATSINGA
Grunngjevinga for satsinga gjennom ”Høgskolesamarbeid Møre” og ”Kompetansefond for Møre og Romsdal”, er at høgskolane har stor betydning for rekruttering, kompetanseutvikling i næringslivet, og bosetting i Møre og Romsdal. Heile 60% av dei som har si høgste utdanning frå høgskolane i Møre og Romsdal arbeider i fylket. Krava til utdanning aukar, og idag taper Møre og Romsdal til universitetsbyane. Dvs. at type og lengde på utdanninga det er mogleg å få i fylket har svært mykje å seie for rekrutteringa til næringslivet i fylket.

Møre og Romsdal ligg framleis svært lavt på den nasjonale statistikken over midlar brukte til forsking og utvikling. Undersøkingar viser at nærleik mellom bedrifter og relevante kunnskapsmiljø er viktig for samhandling.

Høgskolane møter ein skjerpa nasjonal og internasjonal konkurranse, slik at det å oppnå høg status med attraktiv kompetanse på utvalde område, er ein føresetnad for utdanningsinstitusjonar for å hevde seg.




For ytterlegare informasjon, ta kontakt med:

Jan Driveklepp
prosjektleiar
Tlf. 70 07 53 01 /90936506
E-post: jan.driveklepp@hivolda.no

Bergljot Landstad
Møre og Romsdal fylkeskommune
Tlf. 71 25 81 71 /90 08 92 13
E-post: bergljot.landstad@mr-fylke.org

Del på: