Høgskulane betre enn universiteta

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Omlag 4000 studentar ved høgskular og universitet i Noreg, hovudsakleg i fyrste semester, har delteke i undersøkinga. Studentane fekk mellom anna spørsmål om fagleg og pedagogisk kvalitet, fagleg miljø, sosialt miljø, lokaler, administrasjon og service, bibliotek og datautstyr ved studiestaden. Kor fornøgde studentane er ved dei enkelte studiestadane er omrekna til en karakterskala frå 1 til 6.

Ros og ris

-HVO ligg på fyrsteplass mellom høgskulene i Noreg når det gjeld bibliotek og datautstyr. Når det gjeld det sosiale miljøet er det berre Høgskulen i Sogn og Fjordane som er betre. At ikkje alle kvalitetar ved skulen scorar like høgt vil vere ei rettesnor for å betre tilhøva ved høgskulen framover, seier rektor Gunnar Stave.

Frå Høgskulen i Volda var studentane frå barnevern og engelsk med. Barnevernstudentane set HVO på tredjeplass etter Høgskulane på Lillehammer og i Harstad. Engelskstudentane meinar at HVO ligg midt på treet i undersøkinga.

Del på