Høgskuledirektøren valt til styreleiar

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Jacob Kjøde jr. kom frå stillinga som direktør ved sjukehuset i Volda, til direktørstillinga ved høgskulen 1. september.

- Staten skal ta over sjukehusa frå 01.01.2002. Dei vil då verte organiserte som føretak med eigne styre. På Sunnmøre skal vi ha eit helseføretak for sjukehusa i Volda og Ålesund, Mork rehabiliteringssenter i Volda og Nevrohjemmet i Ålesund, fortel Jacob Kjøde jr. Eg ser på dette styrevervet som ein ressurs for høgskulen. Sjukehusa er interessante samarbeidspartnarar for høgskulen på fleire område. Mellom anna arbeider vi for tida med å etablere eit kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring i Volda, seier Kjøde jr.

Kjøde jr. meiner at den største utfordringa som styreleiar, vert å skape ein organisasjon som trekk lasset saman.
- Administrasjonen for helseføretaket på Sunnmøre vert lagt til Ålesund. Føretaket skal ha ein direktør i heiltidsstilling, og ein administrasjon som skal ta vare på den daglege drifta. Eg sjølv skal som før, vere stasjonert ved HVO i heiltidsstilling, avsluttar direktør Jacob Kjøde jr.

Del på