Høgskulen med det særaste studiet i landet

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

800eef7a739fb4e33284e4c62e1f9cc406fc45f3
Det heilt nye studiet legg vekt på samspelet mellom natur, kultur og menneske.

Studentar frå heile verda
Høgskulen satsar på å få studentar frå heile verda til Volda for å gi dei ei grundig innføring i den vestlandske kulturarven.  

– Dette vert eit artig studium. Etter at studentane har vore her og lært korleis vi forvaltar kulturarven vår, kan dei reise ut i verda for å vidareføre denne lærdomen til andre stadar i verda, seier informasjonskonsulent ved høgskulen Kristian Fuglseth.

Undervisning i fjordlandskapet
Dette er eit alternativt studium som inneheld  fem vekers undervisning i fjordlandskapet i Geiranger.

Studentane skal lære å ta vare på naturen og samtidig satse på turisme. Studiet satsar på eit breitt perspektiv, frå planlegging til gjennomføring av aktivitetar basert på eigne erfaringar.

Studiet gir ein unik sjanse til å lære om verdsarvområdet knytt til Geirangerfjorden og korleis dette spesielle området kan inspirere til refleksjon og vidare formidling, både lokalt og i ein internasjonal samanheng.

Lokal mattradisjonar
Studiet går over eit haustsemester.

Nokre av emna tek føre seg lokal folkemusikk, historieforteljingar, arkitekttur og  mattradisjonar, samt tryggleik ved turgåing og samarbeid mellom sameksistens og oppleving av naturen. 

Etter utdanninga vil studenten ha kunnskap om formidling av natur- og kulturopplevingar, tryggleik i verdsarvområdet, lokal kultur og lokal natur. Samt verdsarvområdet i eit internasjonalt perspektiv.

Utover undervisninga i fjordlandskapet, vil studiet vere nettbasert. Studiet er undervist på engelsk.

Verdsarv kan kombinerast med vidare studium innanfor friluftsliv, andre kulturfag, naturfag, historie, mediefag eller lærarutdanning.

Les meir om studiet her: http://www.hivolda.no/worldheritage

Del på