Høgskulen satsar i Kristiansund

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Frå hausten 1998 vil HVO, i tillegg dei noverande tilbod, tilby Kristiansund og Nordmøre-regionen desentraliserte studium i Pedagogisk arbeid på småskulesteget, 1. og 2. 10-vekttalseining, tysk grunnfag og samfunnskunnskap årsstudium.

KUF har sagt at høgskulane i Møre og Romsdal skal tilby tilsaman 90 studieplassar i Kristiansund. HVO har ansvar for 40 av desse studieplassane, og tilbyr i dag 3-årig førskulelærarutdanning og 1-årig praktisk-pedagogisk for yrkesfag i regionen.

Arbeidsgrupper for høgskulesamarbeid i Kristiansund/Nordmøre-regionen
Det er nedsett to arbeidsgrupper for høgskuleutdanning i Kristiansund;
Samarbeidsutvalet for høgskuleutdanning i Kristiansund og Arbeidsutvalet for høgskuleutdanning i Kristiansund. HVO v/studiesjef Bjørn Krøvel er representert i begge.

Den første gruppa er oppnemnd av KUF, og har som si primære oppgåve å følgje opp dei 90 studieplassane som dei tre høgskulane i fylket har ansvaret for.

Den andre gruppa oppnemt av leiinga i Kristiansund kommune, og denne gruppa arbeider for å vinkle tilboda meir mot kompetansebehovet i regionen - og å få etablert eit studiesenter i byen.

Studiesenter
HVO stiller seg positivt til ynskjet om eit studiesenter drive av høgskulane i Volda, Molde og Ålesund. Det vert no arbeidd med å finne eit høveleg bygg der alle aktivitetane kan samlokaliserast.

Styret ved HVO vil få planane om lokalisering av studitilboda i Kristiansund til eit studiesenter som eiga sak når innstillinga frå arbeidsgruppa for høgskulesamarbeidet i Kristiansund/Nordmøreregionen ligg føre sommaren 1998.

Nye studietilbod
Styret for HVO har pålagt dei fire avdelingane ved høgskulen å vurdere kva typar studietilbod som bør tilretteleggjast for lokalisering i Kristiansund dvs. vurdert evt. auka satsing av HVO i Nordmørsbyen frå hausten 1999.

Det må spesielt vurderast kva studium innanfor ei ramme på 15 heiltidsekvivalentar som eveventuelt bør vidareførast i Kristiansund frå hausten 1999 når 1-årig praktisk-pedagogisk utdanning, yrkesfag
(1997-99), vert avslutta våren 1999.

Del på