Høgskulen i Volda kan få to hovudfag

HVO kan få hovudfagstilbod i spesialpedagogikk og nynorsk skriftkultur. I tillegg kan det vere aktuelt å starte opp fleire nye studietilbod frå hausten 1999.

Hovudfag i spesialpedagogikk
- Under føresetnad at vi kjem fram til semje med NTNU ønskjer vi å ta opp om lag 10 studentar hausten 1999. Undervisning og rettleiing skal i all hovudsak skje i Volda. NTNU er formelt ansvarleg for eksamen, seier rektor Gunnar Stave.

stave



Hovudfag i nynorsk skriftkultur
Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet (KUF) har tildelt HVO ein nasjonal knutepunktfunksjon i nynorsk skriftkultur.
- Vi har sett ned eit eige utval som er i full gang med å greie ut ein studieplan for hovudfag i nynorsk skriftkultur. Målet er å kome i gang hausten 2000 med 10 studentar, seier Stave.

Nye grunn- og mellomfag
I styrepapira ser ein også at leiinga prioriterer, om ressursane tillet det, oppstart av grunnfag i mediekunnskap, grunnfag i pedagogisk arbeid på småskulesteget, pedagogikk mellomfagstillegg, engelsk mellomfagstillegg og friluftsliv mellomfagstillegg.

Del på: