Høgskulen i Volda kåra til beste stand!
Frå torsdag til laurdag har det vore utdanningsmesse i Arenum Bergen. Fleire tusen besøkande har vore innom dei ulike stands desse dagane. Under siste messedag vart Høgskulen i Volda kåra til beste stand. – Det er kjekt å bli lagt merke til for det er lett å verte ein av mange. Årets konsept har hatt den stopp-effekten vi ønskte. Vi har snakka med mange potensielle studentar, og fått positive tilbakemeldingar på at vi våger å vere personlege og utradisjonelle, seier Marthe Alnes ved informasjonskontoret.
Utdanningsmessene er for mange det første møtet med høgare utdanning der dei kan spørje spørsmål direkte til institusjonane og få meir informasjon om studieprogram og studiestad. Fleire tusen har vore innom messeområdet desse dagane og mange opplever det vanskeleg å velje.
– Det er to faktorar som er svært viktig. Du bør velge ut frå interesse og ein stad du trur du kan få det kjekt. For meg har dette vore viktig og i Volda har eg fått begge deler, seier allmennlærarstudent Ida Hardal.
Informasjon og mediastudent Anne Birgit Aga, allmennlærarstudent Ida Hardal og informasjonskonsulent Marthe Alnes har hjartet i Volda under messedagane i Bergen.
Svelene var populære og både elevar, studentar og utstillarar var ofte innnom standen.
Hege Kristine Vågen (17), Selma Frida Stang (17), Arnfinn Gursli Langesæter (16) og Lars Dingeland (16) går på Langhaugen vidaregåande skule. Dei synest det er bra at dei får tilbod om utdanningsmesse og er einige om at det er vanskeleg å skilje ut informasjonen undervegs.
Hege, Selma og Arnfinn likte seg på standen til høgskulen og gler seg til kvardagen som student.
– Vi likte Volda-standen best. Det er kjekt her og vi kan sjå i blad og magasin. Det er rett og slett koseleg. Studenten på bakveggen ser glad ut og bileta ellers viser både sunne og usunne interesser, seier Selma Frida Stand og smiler.
– De har også eit bra og variert utval av tilbod, avsluttar Arnfinn.