Høgskulen i Volda på Utdanning og Yrke 2007 denne veka

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Høgskulen i Volda hadde godt med besøk, over 2800 personar berre på måndag, og det auka på dei neste daganane, fortel fotostudent Camilla Sørheim.

- Vi som er utsende får mange spørsmål frå dei besøkande. Det som går att frå autslandselevane, er kvar Volda ligg, og kor langt ut på bygda det er. Dei fleste har høyrt om medieutdanninga i Volda, og dei verkar overraska over at Høgskulen kan tilby så mange fag forutan journalistutdanninga, seier Sørheim.

Fem på messe

tora_sellevoll

Tora Sellevoll (17). Går andre året på vidaregåande, media og kommunikasjon.

- Du er yngre enn dei fleste andre som besøkjer messa, vil du vere ekstra tidleg ute?
-
Eg er tidleg ute, ja, sidan eg berre går i andre klasse. Men eg synest det er viktig å sjå kva eg kan velje mellom allereie no. Sjølv om eg går mediefag no, så har eg mest lyst å studere til å verte allmennlærar, seier Tora.

Tora fortel oss at interessa for Høgskulen i Volda skuldast at foreldra hennar møttest der.

- Mamma og pappa studerte på allmennlærarutdanninga, og det var utdanning i Volda som førte dei saman. Dette gjer at eg har høyrt mykje bra om Volda som studiestad. Eg kan gå i deira fotspor, seier ho oppglødd.

mats_haaby

Menig Mats Håby (19). Er i forsvaret som journalist i Vernepliktsverket på Hamar.

- Kvifor vurderer du Høgskulen i Volda?
- Eg las eit intervju i ei avis med Guri Solberg. Ho fortalde at ho hadde hatt det artig i Volda, og at det var ein bra studiestad med eit særeige miljø. Dette gjorde at vart merksam på Volda, seier Mats.

Mats fortel også at det å besøke utdannnigsmessa gjer at han kan få svar på det han lurer på der og då.

- Det er mykje hjelp å få. Eg visste ingenting om Volda før messa, men no har eg eit positivt inntrykk, seier Mats.

kjetil_birtles
 
Kjetil Birtles (28). Arbeider innan animasjon som frilansar. Har tidlegare gått på Idéfagskolen i Tønsberg.

- Du arbeider allereie med animasjon, og har utdanning frå Tønsberg. Treng du meir utdanning?
- Høgskulen i Volda har eit særeige rykte når det gjeld animasjon. Skulen eg har gått på tidlegare er ikkje godkjent, så det hjelp ikkje i arbeidslivet. Ein ting er å få jobb med sjølvlært erfaring, men med ei utdanning i ryggen kjem ein mykje lengre, seier Kjetil.

Kjetil snakkar mykje om kor gjerne han vil studere i Volda. Men han er ikkje heilt nøgd med at det er så få som kjem inn på animasjonsstudiet, eller at tidlegare arbeid ikkje tel meir i vurderinga for å kome inn på studiet.

- Tre personar eg har samarbeidd med har utdanninga si frå Volda. Og dei har berre snakka bra om staden. Eg var i Volda i fjor, og skulen var verkeleg flott. Den levde opp til ryktet sitt, seier Kjetil.

Mathias_Falch

Mathias Falch (19).

- Eg er litt usikker på kva eg skal studere, men det ser ut til at det vert allmennlærarutdanning. Eg vurderer eventuelt å ta enkeltfag og byggje ut til ei bachelorgrad eller verte faglærar med PPU (praktisk-pedagoisk utdanning, red.m.).
- Har du høyrt noko om Volda før?
-
Ja, eg har høyrt mykje. Volda har fantastisk natur! Eg likar fjella, både på beina og med ski. Og alle snakkar om at studentmiljøet er bra der.

tulga_mongolia

Tulga (28). Frå Mongolia.

Det er ikkje kvar dag Høgskulen i Volda kjem i kontakt med studentar frå Mongolia. Tulga har reist rundt i Noreg ei stundt, og undersøkjer han aktuelle oppdrag for bror sin, som er heime i Mongolia.

- Har faktisk høyrt mykje om Volda. Alt er positivt! Eg var i Ålesund og reiste litt rundt omkring, og det endte med at eg vart heilt betatt av naturen på Sunnmøre.
- Kvifor akkurat Høgskulen i Volda?
- Bror min må lære seg norsk på ein god måte. NUS er ypparleg sjanse til å lære språket.
- Korleis var møtet med Sunnmøre?
- Det var komisk. Konklusjonen min er at alle snakkar så rart, seier han og ler godt. Han er allereie godt i gang med å fylle ut søknadspapira.

Del på