Høgskulens julekonsert

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Torsdag 6. desember går den årvisse førjulskonserten til Høgskulen i Volda av stabelen. Som vanleg blir både kor, brassband og symfoniorkester å høyre. Men ikkje minst er dette eit høve til å få oppleve nokre av dei flotte songsolistane og instrumentalistane som for tida er å finne mellom studentane våre. Ordninga med bachelor-systemet har slått svært gunstig ut for musikkmiljøet. For tida er det om lag 85 studentar inne på ulike nivå i denne treårige utdanninga.

 

Vi får høyre kjende og mindre kjende juletonar - m.a. ”Mitt hjarte alltid vankar” og ”Jul, jul, strålande jul”. Koret bidreg med innslag frå Messias-konserten frå sist helg. Symfoniorkesteret vil som eit av sine innslag framføre første sats frå Mozarts symfoni nr. 31. Brassbandet har mellom anna ”Vi tenner våre lykter” og ”Londonderry Air” på programmet. Velkommen til ei hyggelig musikkstund!

Helsing musikkseksjonen, Avdeling for kulturfag ved HVO.

konsert2

Del på