Høgskuleutdanning i Kristiansund
Frå hausten 1998 vil HVO, i tillegg til noverande tilbod, tilby Kristiansund og Nordmøre-regionen desentraliserte studium i Pedagogisk arbeid på småskulesteget, 2. 10-vekttalseining og tysk grunnfag.
Dersom ekstra midlar frå KUF ikkje kan løyvast, vert tilbodet finansiert med studieavgifter.
Nærare opplysingar vil gå fram av brosjyren frå Kontoret for etter- og vidareutdanning ved HVO som du kan få ved å kontakte høgskulen.