Høgtidleg semesterstartopning
Høgskulen i Volda markerte i dag semesterstart i ei fullsett kantine i Berte Kanutte- huset.Gjennom talar og musikk vart studentane ønskte velkomne til eit nytt studieår.
Signe Valsø ønskte velkomen til eit nytt studieår, og leia programmet ved den høgtidlege opninga ved høgskulen.
Lokalet fullt av studentar. Fadderane i grønt
For å binde programmet saman fekk ho god hjelp av representantar frå musikkmiljøt ved høgskulen og elles i Voldadistriktet.
Vokalgruppa Kaarstadbygget
Rektors tale
Rektor Gunnar Stave ønskte studentane velkomne med følgjande tale:
Kjære studentar, gjestar og kollegaer, velkomne til opninga av eit nytt studieår!
Til nye og gamle studentar vil eg først seie velkomne til eit nytt studieår i Volda. Du kjem til ein studiestad med mange gode kvalitetar. Volda har lange og gode utdanningstradisjonar å bygge på, og eit fagmiljø med høg kompetanse. Volda har eit studiemiljø blant dei aller beste i landet, slik vurderer studentane det sjølve i undersøkinga som blei lagt fram i vår om kor tilfreds dei var med studiestaden sin. Dette studiemiljøet omfattar m.a. eit tett og allsidig studentmiljø som skaper fellesskap, aktivitet og arenaer der du kan diskutere og få inspirasjon gjennom kontakt med studentar frå andre utdanningar. Volda er dessutan ein av dei studiestadane der levekostnadane er lågast i heile landet. Vi trur du vil oppleve at Volda er ein stad både for å trivast og for å lære. Så sterkt trur vi på det at vi i den nye strategiplanen for Høgskulen i Volda har sett overskrifta: " Eit naturleg førsteval". At vi som arbeider ved høgskulen har tru på dette, er viktig, for det seier noko om kva mål vi set oss, men for deg som kjem som student er det vel så viktig at studentar som har hatt si studietid i Volda seier det same. Tidlegare i sommar fekk eg den glede å treffe jubilerande studentar som gjekk ut frå lærarutdanninga i Volda for 40 år sidan. Dei hadde hatt jamlege treff i Volda sidan dei avslutta utdanninga i 1961, og fortalde om studieår som hadde sett varige spor og skapt eit fellesskap for livet. Om nokre veker kjem studentar frå eit kull som gjekk ut av sos. ped. studiet ved Distriktshøgskulen i 1979, for å minnast sine studieår. Dette var mine første studentar i Volda. Også for dei blei studieåra i Volda viktige og skapte ein identifikasjon med høgskulen og studiestaden som dei stadig kjem tilbake til, og som dei snakkar om når eg møter dei att i ulike samanhengar.
Ambisjonar utan å vere sjølvtilfreds
Høgskulen i Volda har ambisjonar om å vere på høgde med dei beste, og vi veit vi kan tilby eit læringsmiljø med god kvalitet. Det tyder ikkje at vi kan vere sjølvtilfredse, og tru at alt er som det skal vere. Den som vil realisere ein slik ambisjon kan ikkje vere sjølvtilfreds, men må ha ein sunn porsjon sjølvkritikk og vere i stand til å sjå kva som må forbetrast. Å skape ein god utdanningsinstitusjon er ikkje noko ein gjere ein gong for alle. Den mest grunnleggande og særeigne sida ved slike institusjonar er at dei må gjenskape seg sjølv, skreiv professor Fredrik Barth i ein kronikk i Aftenposten i vår. Derfor arbeider vi stadig med å utvikle og forbetre høgskulen og utdanningane. Det er viktig for oss å få sagt at du er velkomen til Volda, og vi trur du har gjort eit godt val av studiestad, og vi vil gjere det vi kan for at det skal bli di erfaring.
Rektor Gunnar Stave
Om kunnskapssamfunnet
Eg er fullstendig klar over at det eg no seier har ein heilt annan positiv klang enn det som har vore grunntonen i den utdanningspolitiske debatten den siste tida, og særleg no i valkampen. Debatten har i stor grad retta søkjelyset på dei mørke sidene, og til tider har situasjonen blitt svartmala langt utover det det er grunn til.
Alle partia er opptatt av skule og utdanning og alle legge til grunn forteljinga om kunnskapsamfunnet. Det som karakteriserer kunnskapssamfunnet er at kompetanse er den viktigaste produksjonsfaktoren. På det nasjonale planet er politikarar og næringslivet bekymra for korleis vi skal greie å møte utfordringane kunnskapssamfunnet stiller oss overfor. Det dreier seg om ikkje noko mindre enn nasjonens evne til å overleve. Noreg er aktør i ei verd der kunnskap og produksjon av kunnskap er viktigaste konkurranse- og dermed overlevingsfaktor. Greier vi ikkje å henge med her, vil vi tape vår posisjon som eit av dei fremste velferdssamfunna i verda. Dette kan vi lese i alle dei utgreiingar og meldingar som vi har fått om høgre utdanning i det siste.
For å greie denne konkurransen har det vore satsa sterkt på utbygging av høgre utdanning. Det har vore ei uttalt politisk målsetting å auke kapasiteten i utdanningsinstitusjonane slik at fleire skulle få tilgang til høgre utdanning. Og dette målet har ein nådd. I år har 97% av søkarane fått studieplass og over 70% har fått si første ønskje oppfylt. Framleis er det ledige plassar slik at alle kvalifiserte søkjarar kan få ein studieplass. Det skulle vere grunn til å glede seg. Men i det siste har det som har vore uttalt som ei politisk målsetting og eit udiskutabelt gode, stadig oftare blitt diskutert som eit problem. Når høgre utdanning har blitt tilgjengeleg for mange og ikkje berre for ein elite, så fører det til at studentgruppa endrar seg. Det blir fleire studentar med dårlegare føresetnader for å studere. Mange fryktar at dette går ut over kvaliteten i høgre utdanning, og at noko må gjerast for å motverke eit kvalitetsfall. Det som var noko positivt, nemleg at mange har fått tilgang til høgre utdanning, blir snudd til noko negativt. "Det er faktisk trist å se hvordan gamle menn kan snu noe positivt til å bli et samfunnsmessig problem av katastrofalt omfang", seier ein irritert studentleiar til Dagbladet for nokre dagar sidan. Eg trur ho har rett. Det er viktig å halde fast på at det er udelt positiv at høgre utdaning er opna opp, og blitt tilgjengeleg for alle som har lyst til å studere. Samtidig er det viktig at vi tar på alvor dei store utfordringane ei slik utvikling mot masseutdanning inneber.
Kvalitetsreform
St.m. 27 om høgre utdanning, som blei behandla i Stortinget i juni, dreier seg om desse utfordringane. Meldinga har av Kyrkje- og utdanningsministeren derfor fått undertittelen "Kvalitetsreform av høyere utdanning" for å understreke at kvaliteten i høgre utdanning kan sikrast dersom nødvendige reformer blir gjennomført. Naturleg nok har det vore debatt om dette er dei rette reformene. Universitets- og høgskulerådet har uttalt at intensjonane og forslaga i hovudsak er gode, men skal dette bli ein kvalitetsreform, så har den ein pris, og den prisen er berekna til over ein milliard koner. Dersom det ikkje er vilje til å betale denne prisen, vil utviklinga i høgre utdaning kunne gå frå galt til verre. I Stortinget fekk dette synspunktet sterk oppslutning. Derfor må vi kunne forvente at vi alt i komande budsjett får eit løft i utdanningsbudsjettet som gir grunnlag for å gjere denne reforma til ein kvalitetsreform.
I sommar har diskusjonen om høgre utdanning særleg dreia seg om at søkinga til viktige utdanningar som ingeniørutdanning og lærarutdanning er så låg, at alle som vil kjem inn. Her ser vi ei anna side ved masseutdanning. Den store kapasiteten gjer at studia blir opne, og alle som er studiekvalifiserte kjem inn. Dette trugar kvaliteten i utdanningane, blir det sagt.
Lærarutdanninga i fokus
Diskusjonen om lærarutdanninga har vore særleg intens. Eg har gong etter gong registrert at det at lærarutdanninga i år er eit ope studium der alle kjem inn som er studiekvalifiserte, blir utlagt slik at alle som kjem inn har to i snitt. Verst er det når dette også blir uttalt av ein usedvanleg formuleringsdyktige politikarar som i Dagbladet hevdar at lærarstudentane er "et oppsamlings-heat for folk som ikke har annet å satse på". Dette er ei generalisering som sakleg sett står til stryk, og som politisk ytring er eit usedvanleg dårleg bidrag til å løyse det problemet som er i fokus. Sjølvsagt er det eit problem for det norske samfunnet at interessa for ei så viktig utdanning som lærarutdanning er alt for låg og minkar frå år til år. Men løysinga er ikkje å brennmerke dei som søkjer seg til utdanninga. Så lenge skulen, lærarane, og lærarutdanninga får så mykje negativ omtale som dei får i dag, så er det ikkje til å undre seg over at interessa er dalande blant dei som søkjer utdanning. Skal lærarutdanninga bli attraktiv, må vi sette fokus på kor viktig skulen og læraryrket er, og skape arbeidsforhold som gjer det mogleg å møte dei store utfordringane som skulen står overfor. Her har også politikarane eit stort ansvar, og dei bør velje sine ord med omhug når dei drøftar dette spørsmålet.
Som utdanningsinstitusjon er det vår fremste oppgåve å gi utdanninga eit innhald som kvalifiserer lærarane til å møte desse utfordringane, og møte studentane med respekt for det val dei har gjort. Vi har tatt desse problema på alvor og gjer store endringar i lærarutdanninga. Vi innfører i år ei meir intensiv og forpliktande utdanning, som krev nærvær og deltaking og gir tettare oppfølging av studentane. Dette er eit opplegg som alt er utprøvd i enkelte fag med godt resultat. Betre utdanning gir betre kvalifiserte lærarar. Den utfordringa er vårt ansvar.
Sterkare relasjon mellom student og institusjon
Denne omlegginga er i tråd med eit hovudpoeng i st. m. 27 om høgre utdanning, nemleg at studenten skal lukkast. Institusjonane skal sette studentane i fokus, og relasjonen mellom student og institusjon skal styrkast gjennom tettare studentoppfølging. Slik skal ein sikre at kvaliteten i utdanningane blir betre, og i neste omgang gir betre gjennomstrøyming. Eg trur at dette er forslag som vil styrke kvaliteten i høgre utdanning, og som er i tråd med arbeidsmåtar i mange av våre utdanningar, men som har blitt svekte i den sterke utbyggingsperioden vi har hatt dei siste tiåra. Skal desse forslaga følgjast opp er det derfor på nytt nødvendig å minne om at dei har sin pris.
St.m. 27 byggjer på ei oppfatning om at høgre utdanning har to sider. Den skal gi samfunnet nødvendig arbeidskraft og kompetanse, og gi den einskilde høve til å utvikle seg som tenkande og skapande menneske. I den utdanningspolitiske debatten er det påfallande kor lett det er å postulere dette som eit grunnsyn, og i neste runde diskutere som om det berre er første leddet som er vesentleg. Forteljinga om kunnskapssamfunnet får på denne måten eit tyngdepunkt der fokus blir lagt på nytte både for samfunnet og den einskilde.
I ei tid då det blir lagt så stor vekt på utdanning som produksjonsfaktor, blir det overmåte viktig å halde fast på den funksjonen høgre utdanning og forsking har som kritisk instans i samfunnet. Det er ein føresetnad for at den einskilde får høve til å utvikle seg som tenkande og skapande menneske. Legg vi større vekt på dette perspektivet, blir det også lettare å halde fast på at den opne tilgangen til høgre utdanning er eit stort gode.
Personleg utvikling
Til studentane vil eg til slutt seie, hugs at ei utdanning er eit prosjekt som skal utviklast. Utdanning er ikkje noko som kjem ferdigpakka og som berre skal monterast etter ei vedlagt bruksanvising. Utdanninga må utviklast i samspel med studentane, og det er i samspel med studentane det kan bli ei god utdanning. Eg reknar med at de har forventningar til oss, og vi har forventningar om at de blir aktive og deltakande studentar, som vil bidra til å skape eit godt, inkluderande og engasjert studiemiljø.
Motiva for å søke seg til Høgskulen i Volda for å ta utdanning er personlege og ulike. For mange har utgangspunktet vore ei sterk og målretta overtyding om kva ein ville. Kanskje har ein arbeidd i fleire år for å samle seg nok poeng for å kome inn på akkurat denne utdanninga. Andre har vore uvisse til det siste, og sit med ei kjensle av at det er tilfeldig at du sit her i dag. La gå med det. Kanskje var det tilfeldig. Men det året som no ligg framfor deg er ikkje tilfeldig. Det skal fyllast med aktivitet og liv, og det skulle helst vere eit meiningsfylt liv. Uansett kor tilfeldig valet måtte vere, vil det året du stå framfor vere uhyre viktig i di utdanningskarriere. Sjølv om du i ettertid finn ut at det er ei heilt anna retning du vil velje, så vil dette året kunne framstå som avgjerande viktig for di utvikling. I dette perspektivet står alle likt. Dette studieåret gir deg høve til å arbeide med di personlege utvikling på ein måte som gjer at du når året er omme, kan seie at året har gitt deg både meir kunnskap og større klokskap.
Lukke til med eit utfordrande og viktig studieår!
Helsingar
Ordførar Knut Bere helste studentane velkomne til eit nytt studieår i Volda kommune.
Leiar i Studenttinget Anne Cathrine Sandø og fadderansvarleg Lene Langrind kom også med helsingar til studentane.