Hovudfagstipend frå Møreforsking Volda
Møreforsking Volda har etablert ei ordning der det skal delast ut tre stipend à kr 80.000,- til studentar som er tekne opp som hovudfagsstudentar ved universitet eller høgskule.
Stipenda kan søkjast av studentar som skal arbeide med hovudfagsoppgåve innanfor følgjande temaområde:
Ungdom og marginalisering
Tilrettelagd opplæring, livsløp og overgangar til vaksenlivet
Psykiatri og lokalsamfunn
Profesjonsutdanning og profesjonalisering
Regional utvikling
Kommunal forvaltning
På alle desse områda har Møreforsking/Høgskulen i Volda omfattande prosjekt finansierte av Noregs forskingsråd.
Interesserte kan ta kontakt med Møreforsking Volda v/administrativ leiar Håkon Bø, hbo@hivolda.no, tlf. (a): 70075168 eller (p): 70073074.
Utdanningsretningar
Stipendet vert primært tildelt hovudfagsstudentar innan samfunnsvitskaplege fagdisiplinar som t.d.:
geografi, psykologi, pedagogikk, sosialantropologi, sosiologi, statsvitskap, samt hovudfagsstudentar i helse- og sosialfag.
Kven kan få stipend
Søkjaren må arbeide med problemstillingar som passar inn under eit av temaområda.
Før tildeling av stipend bør søkjaren vere oppteken som hovudfagsstudent ved universitet og ha oppnemnt rettleiar frå lærestaden sin.
Stipend vert primært tildelt søkjarar som har Volda som hovudarbeidstad i stipendperioden.
Stipend vert ikkje tildelt søkjarar som får permisjon frå arbeid med full løn. Derimot kan det vurderast for søkjarar som har redusert sysselsetting og søkjarar som har permisjon med delvis løn.
Stipend vert ikkje tildelt søkjarar som mottar attføringsstønad og eventuelt andre sosiale stønader, som har som føremål å gje stønadsmottakaren ei utdanning.
Søknad
Søknaden bør innehalde personalia, fagbakgrunn, ev. yrkeserfaring og ein kort omtale av eige tema for hovudfagsoppgåva.
Skriftleg søknad med rettkjende kopiar av attestar og vitnemål skal sendast til:
Møreforsking Volda, Postboks 325, 6101 Volda.
Søknadsfrist: 30. april 2001.