HVO har overoppfylt måltalet

Etter opptaket i haust er det registrert 2343 heiltidsstudentar ved høgskulen. Måltalet for er 2176. - Det er derfor skuffande at framlegget til statsbudsjett legg opp til nedskjeringar i måltalet i 2001, seier rektor Gunnar Stave.

Høgskulen i Volda har dette studieåret det høgste studentalet på mange år. Gjennom fleire år har vi sett at søkinga til høgre utdanning har gått ned, og at høgskulane har hatt problem med å fylle studieplassane.


Alle avdelingane ligg over måltalet

I det siste har nedgangen vore særleg sterk på område der Høgskulen i Volda har stor aktivitet som t.d. førskulelærarutdanning. Likevel har høgskulen i haust eit studenttal som ligg vesentleg over måltalet for institusjonen. Alle avdelingane ligg over måltalet, og det er særleg gledeleg at opptaket på lærarutdanninga har blitt så stort i ein situasjon der mange institusjonar har ledige plassar innafor lærarutdanninga.


Tabellen over samla studenttal (gjennomsnitt av vår- og hausttal) viser at HVO samla sett har overoppfylt måltalet med 4,3% i år 2000. Ser vi vår- og hausttala kvar for seg, har vi i haust heile 2343,5 heiltidsstudentar. Det er 7,7% meir enn måltalskravet vårt. Hausttala er viktige fordi det er desse som ligg til grunn for rapporteringa til KUF.


HVO totaltALUAHFASFAMFMåltalMåltalMåltalMåltalMåltal199921912119,59751015420345,8578543,5218215,3200021762269,7942984,6406408,7610649,3218227,1


Måltalet gjeld heiltidsstudentar/heiltidsekvivalentar(=alle som tek 20 vt per år). Heiltidsekvivalentar er departementet sitt mål på kor mange heilttids studieplassar ein høgskule får midlar til å drive. Alle studentar som tek mindre enn 20 vt per år vert rekna om til heiltidsekvivalentar



Resultat av at stor evne og vilje til omstilling

- Dei gode studentala for Høgskulen i Volda er eit resultat av at stor evne og vilje til omstilling, seier rektor Gunnar Stave. Avdelingane har vist stor kreativitet og evne til å handle.Det er sett i gang fleire tiltak som har blitt møtt med stor interesse av dei utdanningsøkande. Det er satsa sterkare enn nokon gong på nettbaserte tilbod og desentraliserte tilbod. Høgskulen i Volda har dette studieåret t.d. 250 studentar i Kristiansund, der det har vist seg å vere stor interesse for lærarutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning. Dette er tilbod som viser at høgskulen fyller ei viktig oppgåve regionalt, ved å utdanne kvalifisert arbeidskraft til område der det er eit stort udekka behov.


stave


Rektor Gunnar Stave



Ikkje klar samanheng mellom dei nedskjeringane som blir gjort og resultatet

- Dei gode studenttala viser at høgskulen har tatt på alvor dei signala vi har fått frå sentrale politiske styresmakter om å omstille verksemda til område der det i dag er udekka behov. Det er derfor skuffande at framlegg til statsbudsjett legg opp til nedksjeringar som gjer det vanskeleg å realisere dei tilboda vi har sett i verk. Det framlagde budsjettet gir andre styringssignal enn vi tidlegare har fått. Vi kan ikkje sjå at det er nokon klar samanheng mellom dei nedskjeringane som blir gjort og det resultatet institusjonane har oppnådd når det gjeld studenttalet. Det blir svært vanskeleg å planlegge når budsjetta endrar seg frå år til år. Det er på høg tid at vi no får eit budsjettopplegg som gir forpliktande rammevilkår for fleire år, t.d. ei treårsperiode. Det vi opplever med dette budsjettet undergrev den omstillingsviljen som finst i institusjonane, seier rektor Stave



Færre søkjarar - nedgang i måltalet - auke i studentalet

Det er ei kjent sak at talet på søkjarar totalt sett har gått ned dei siste åra, og HVO har fått redusert måltalet med 108 heiltidsekvivalentar på 4 år (1998 -25, 1999 -5, 2000 -15 og 2001 -63). Det kan då verke underleg at HVO på trass av overoppfylling av måltalet for 2000 likevel får nedskjeringar i måltalet for 2001.


Demotiverande

- Dette føler vi veldig urettferdig og demotiverande. Særleg på bakgrunn av at KUF har presisert kor viktig det er å oppfylle måltala, kommenterer høgskuledirektør Jan Driveklepp.


Han peikar på at avdelingane ved høgskulen har gjort ein stor innstas for å oppretthalde studenttalet gjennom omstilling og desetralisering av studietilbod. Særleg opptaket i Kristiansund på allmennlærar deltid, ekstraopptak på praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) same stad og opptak på allmennlærarutdanning deltid i Volda har vore positive for opptaket.


- Nedskjeringane innanfor førskulelærarutdanninga er knytt til nedgangen i søkjartala til denne utdanninga. Eg synest departementet tenkjer kortsiktig når dei reduserer utdanningskapasiteten her. Behovet for førskulelærarar er stort. Ein burde heller arbeide for å gjere dette yrket meir attraktivt, seier ein engasjert Driveklepp.


Del på: