Idrettsstudentar fekk prøve seg som ski-instruktørar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Spenningskurset vart arrangert på Bjorli i veke 11, og er ei aktivitetsveke for menneske som har ei slags funksjonshemming. Målsettinga med kurset er å gi deltakarane ei triveleg veke med aktivitetar tilpassa deira ulike føresetnadar. Tilpassa opplæring er dermed ein av grunnpilarane, og dette prinsippet er også svært viktig for alle studentane som er instruktørar under kursveka.

- Først og fremst er vi instruktørar for dei som treng hjelp til å stå på ski, seier Hans Thore.

- Det var ei variert gruppe vi hadde med å gjere. Det var dei som hadde ulike slags funksjonshemmingar, og i tillegg ei gruppe afrikanarar på utveksling gjennom Høgskulen som var med for å oppleve ski, seier Silje.

 

 

_MG_6486_magasin

Hans Thore og Silje er begge idrettsstudentar og har nettopp vore med som alpint-instruktørar på Spenningskurset. 

 

Instruktør - ei nyttig erfaring

Instruktørane på Spenningskurset var idrettsstudentar frå Høgskulen, idrettselevar frå Møre Folkehøgskule og idrettselevar frå Stranda vidaregåande skule. Kursdeltakarane vart delt inn i tre grupper ut i frå ferdigheitsnivå, og instruktørane vart fordelte utover i gruppene. Hans Thore og Silje var begge alpint-instruktørar men med ulike oppgåver.

- Eg var instruktør for sitski, som er for dei som for eksempel er lam i føtene. Ein sit då i ei kjelke som er festa til eit par ski, fortel Hans Thore.

- Eg følgde etter nokre som var nybegynnarar på ski, seier Silje.

Til saman var det om lag 350 kursdeltakarar, og det vart ei veke rik på opplevingar og utfordringar for alle. I forkant av Spenningskurset fekk alpint-instruktørane kursing av Bjørn Inge Drabløs frå Stranda. Hensikta var å gi kunnskap og merksemd om at ein må ta læringa gradvis, og lære korleis en skal køyre alpint med dei som ikkje kan frå før.

- Eg har lært å vere tolmodig. Nokre  av instruktørane kom til kurset med ei litt røff haldning, men etter kvart som ein såg at deltakarane faktisk trengte hjelp, vart haldningane fort endra, seier Hans Thore.

- Det var spesielt kjekt å sjå kor stort det var for deltakarane å oppleve meistring. Kurset har gitt oss verdifull erfaring knytt til tilpassa opplæring, seier Silje.

Mange aktivitetar

Veka var full av spennande opplevingsaktivitetar både innandørs og utandørs. Dei fleste var i bakken om dagen,der ein kunne veksle mellom aktivitetar som ski, hundespann, klatring, høgspenning, snørafting og grilling i lavo. På kvelden var det underhaldning, der Høgskulen, Møre folkehøgskule og Stranda vidaregåande skule stod for programmet kvar sin gong.

- Stolleiken var ein stor ”hit”, seier Hans Thore med eit smil.

 

3.dag_035komptmagasin 

Skirafting var ein av dei populære aktivitetane

 

"Bjorli Open"

Det store høgdepunktet for deltakarane var ”Bjorli Open”, som vart arrangert siste dagen. Her skulle deltakarane få vise kva dei hadde lært og trena for. Her kunne ein køyre alpint i løype eller gå langrenn i løype. Tilslutt fekk alle deltakarane premie – og alle var vinnarar!

- Eg har vore med på Spenningskurset to gongar, første gongen med Stranda vidaregåande skule. Det er lagt ned ein enorm innsats av eldsjelene som står bak, seier Hans Thore.

- Eg synes det var veldig kjekt å få vere med som instruktør, og kan absolutt anbefale det. Det å sjå kor stort det var for deltakarane ga meg mykje. ”Bjorli Open” er eit godt minne, og sjølv dei som hadde problem å gå gjennomførte, seier Silje.

- Eg kjem til å hugse lenge når eg og deltakaren kom i mål under ”Bjorli Open” med sitski. Eg er stolt over at vi greidde å komme igjennom løypa, avsluttar Hans Thore, før dei går til forelesing på idrettsstudiet.

 4.dag_024kompmagasin

 Høg aktivitet og engasjement ved startstreken under "Bjorli Open".

Her kan lese meir om Spenningskurset eller sjå fleire bilete.

For meir informasjon om Idrett årsstudium, trykk her.

Del på