Ikkje vernepleiarutdanning i Volda

Fordelinga av studieplassar er no kjent, og det viser seg at vi tapte i kampen for Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Departementet sende i desember ut ein invitasjon til å søke om å få etablere vernepleiarutdanning. Dette var ei oppfølging av budsjettproposisjonen som foreslo at det skulle opprettast 237 nye studieplassar i vernepleiarutdanninga. Vi sende inn søknad om å få opprette slik utdanning, og viste til at vi alt har barnevernspedagog- og sosionomutdanning, og at studiemodellen for sosialutdanningane ved HVO blei utarbeidd slik at vernepleiarutdanning skulle kunne integrerast innanfor den same modellen. Vi peika også på at Det regionale høgskulestyret i 1991 gjorde vedtak om at ei eventuell permanent vernepleiarutdanning skulle leggast til Volda.

Fordelinga av studieplassar er no kjent, og det viser seg at vi tapte i kampen for Høgskulen i Sogn og Fjordane. Departementet seier at det var høgskular som frå før hadde barnevernspedagog- og sosionomutdanning som fekk løyve til å sette i gong vernepleiarutdanning. Volda var derfor med som eit aktuelt alternativ til det siste. Men det paradoksale er at utdanninga i Sogn og Fjordane blir lokalisert til Sandane, langt frå utdanningane i Sogndal. Utfallet er mistenkeleg kjent noko vi har opplevd før: distriktspolitikken blir viktigare enn utdanningspolitikken.

- rektor

Del på: