Interessert i ein studieplass ved HVO?

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Ledige studieplassar vil bli annonsert i Restetorget både i Tekst-TV (s. 760 i NRK 1), SO sine vevsider (http://www.so.uio.no) og Søkofonen (tlf: 815 49 050).

Frå måndag 26.juli kan du altså kontakte HVO direkte og be om studieplass ved ditt draumestudium i eit av Noregs beste studentmiljø!

Høg trivselsfaktor
Ei stor studentundersøking viser at studentane i Volda er dei mest aktive innanfor studentpolitikk, frivilleg organisasjonsarbeid og kulturaktivitetar.

Rimelege hyblar
I Volda er det lett å få hybel, og i følgje tal frå SSB bur studentane i Volda billegast i landet. Samanlikna med nokre av dei store byane kan du spare opptil kr. 15000 i året i buutgifter.

miljo.jpg

Høgskulen i Volda har enno ledige studieplassar ved følgjande studium:

Allmennlærarutdanning
Førskulelærarutdanning
Historie grunnfag
Kateketutdanning
Kyrkjeverjeutdanning
Kommunal planlegging og adm.
Kristendom
Norsk grunnfag
Tysk grunnfag
Samfunnsplanlegging
Samfunnskunnskap
Engelsk grunnfag
Matematikk
Naturfag
Pedagogikk grunnfag
Samfunnsfag

Kontakt oss på telefon 70 07 50 00.

Søkjarar som har fått tilbod om studieplass eller som står på venteliste, har frist til 1. august med å gi svar.



- adm

Del på