Internseminar om etter- og vidareutdanning

Fredag 24. april hadde professor Gunnar Grepperud eit seminar saman med Urban Dahlløf om etter- og vidareutdanning og fjernundervisning.

Arrangementet var ei oppfølging av internseminaret om fjernundervisning 25. februar, og var retta inn mot leiarar på alle nivå ved høgskulen.

Etter ei innleiing som reiste nokre av dei sentrale problemstillingane som vår høgskule arbeider med på dette feltet, kommenterte Grepperud og Dahlløf dei aktuelle problemstillingane ut frå tre innfallsvinklar: kvifor drive etter- og vidareutdanning, kva kan gjerast og korleis kan det gjerast. Grepperud meinte HVO hadde svært gode føresetnader på dette feltet på grunn av fagprofilen og eit sterkt fagmiljø innanfor media.

Han viste også kvifor det var viktig å satse på etter- og vidareutdanning, og oppsummerte denne diskusjonen med følgjande påstand:
Ein høgskule som har ambisjonar for seg sjølv kan ikkje la vere å satse på etter- og vidareutdanning. I denne delen av diskusjonen peika Dahlløf på at HVO må sjå dei mulegheitene som ligg i å samarbeide med dei andre høgskulane i fylket, særleg Høgskulen i Ålesund, som deltok på seminaret. Koplinga av teknologisk og samfunnsvitskapleg og humanistisk kompetanse gjer det mogleg å utvikle tilbod som er av stor interesse både for offentlege instansar og det private næringslivet.

Innleiarane ga konkrete råd om kva som bør gjerast for å legge forholda til rette for etter- og vidareutdanning, og korleis vi kan arbeide for å sikre tilbod med god kvalitet. Semiaret inspirerte til å satse vidare på å utvikle etter- og vidareutdanningsaktiviteten, og det ga ein impuls til å følgje opp ideen om eit samarbeid mellom høgskulane i fylket.


- rektor

Del på: