Internseminaret om fjernundervisning
Internseminaret om fjernundervisning 25. februar samla ei stor gruppe tilsette i Strøm-auditoriet.
Det blei ein interessant dag med spennande perspektiv på saka, og konkret demonstrasjon av kva som er mogleg å gjere med denne teknologien, men også av dei vanskane dette kan by på. Nokre av utfordringane frå seminaret kan oppsummerast slik:
· HVO har ein fagprofil som minner om HIL med eit sterkt pedagogmiljø, sentrale fagstudium og etterspurde profesjonsutdanningar. Dette har ved HIL vist seg å vere eit godt utgangspunkt for å satse på etter- og vidareutdanning
· Etter- og vidareutdanninga må i sterkare grad forankrast institusjonelt, og vi må få til ei organisering av denne verksemda som gjer at samarbeidet mellom administrasjon og fag blir best mogleg. Det er viktig med ei sentral eining som kan koordinere verksemda og ta initiativ til kurstilbod på område som ligg i skjeringspunktet mellom fleire avdelingar
· HVO må profilere og konsentrere etter- og vidareutdanningstilboda til dei områda der vi er fagleg sterke
· Vi bør vurdere å utvikle samarbeidet med dei andre høgskulane i fylket og andre regionale aktørar på dette feltet
· Utdanningspolitiske utspel kan legge nye premissar for denne sektoren og for det nasjonale samarbeidsmønsteret
- rektor