Ivar Aasen-instituttet: Ny organisasjonsform

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Instituttet vert frikopla noverande tilknyting til Avdeling for humanistiske fag.

Eige styre
Aasen-instituttet får eige styre med tre medlemer. Styret skal vere samansett av instituttleiar, 2 representantar med vara oppnemnde av HVO styret og ein representant med observatørstatus og talerett frå det andre knutepunktet (mediefag).

Når studentar er tilknytt instituttet, skal dei vere representerte med ein medlem i styret.

Samarbeidsorgan
Det skal etablerast eit tverrfagleg samarbeidsorgan/fagråd for instituttet samansett av representantar frå m. a. Ivar Aasen-stiftinga, Ivar Aasen-tunet og andre interne og eksterne samarbeidspartnerar.

Referansegruppa for Ivar Aasen-instituttet fungerer som råd for Aasen-instituttet inntil eit nytt råd vert oppnemnt av høgskulestyret.

Del på