Jan Inge Sørbø ny professor

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

SorboAU1
Jan Inge Sørbø har vore tilsett ved HVO sidan 1989, i fast stilling frå 1993.

Mange jarn i elden
- Eg var journalist i Dagen 1982 –87 og i Stavanger Aftenblad 1987 –89, i sistnemde avis er eg framleis gjesteskribent, fortel Sørbø. Og eg var redaktør i " Syn og Segn " i tida 1993 –97. Elles så har eg 13 bøker på samvitet, og dei fordelar seg i kategoriane 6 skjønnlitterære og 7 sakprosa. Dei tre siste i sakprosa var essay om Arnold Eidslott, Ronald Fangen og Alfred Hauge. Desse bøkene var med å føre meg fram til professortittelen, seier Sørbø.

Jan Inge Sørbø er også Dr. philos med avhandlingar om Eidslott og Adarno. Han innehar også ei professor II stilling ved nordisk institutt, Universitetet i Bergen.

Del på