Jobbsøkingsseminar onsdag 27. april

Tekst: Webmaster Volda

Rådgjevingstenesta for studentar og Aetat inviterar difor også dette vårsemesteret til gratis jobbsøkingsseminar, der du kan få nyttig informasjon og tips om korleis du skal gå fram i jobbsøkingsprosessen. Sentrale tema vil vere; korleis lese og tolke stillingsannonser, utforming av jobbsøknader og CV, den første kontakta med ein potensiell arbeidsplass, og gjennomføring av jobbintervju.

Aetat vil og gå grundig gjennom kva servicefunksjonar dei kan tilby jobbsøkarar både på vårt lokale kontor og på sine nettsider.

Velkomen til eit par nyttige timar på Strøm-huset 243 kl 13.15 - 15.00 onsdag 27. april!

Ann-Iren Høgalmen

Del på