Jørgen Amdam valt til ny rektor ved Høgskulen i Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Val på nytt rektorat ved Høgskulen i Volda vart avslutta i dag. Valet stod mellom rektorkandidat Jørgen Amdam med prorektorkandidat Anne Øie og rektorkandidat Sverre Liestøl med prorektorkandidat Lidveig Bøe. Liestøl er dekan ved Avdeling for mediefag og Bøe er i dag prorektor ved høgskulen.

Då stemmene var talde opp, viste det seg at Amdam og Øie hadde fått 73% av stemmene. Liestøl og Bøe 27%.

amdam-oie-meld2

Det nye rektoratet ved Høgskulen i Volda.

129 av 165 dei fagleg tilsette med stemmerett hadde nytta stemmeretten sin. Stemmene i denne gruppa fordelte seg slik: Amdam-Øie: 93, Liestøl-Bøe: 29, blanke: 7.

God valdeltaking var det også blant det teknisk-administrative personalet. 76 av 86 hadde nytta stemmeretten sin slik: Amdam-Øie: 42, Liestøl-Bøe: 32, blanke: 2.

Om lag 10 prosent av studentane stemde ved dette valet. Amdam-Øie: 168 stemmer, Liestøl-Bøe: 45 og 6 blanke.

 

- Vi vil rette ein stor takk til veljarane for tilliten til Anne og meg. Vi er spesielt glade for at så mange nytta stemmeretten - også mellom studentane - og at vi fekk så sterk tillit frå alle grupper. Dette gir oss fullmakt til å arbeide tett saman med alle for å gjere ein god høgskule endå betre og til å møte utfordringar I fellesskap, seier Jørgen Amdam som også takkar Lidveig og Sverre for god kamp.

 

Les meir.

Del på