Julefest med julemiddag og festprogram

Tekst: Webmaster Volda

GJESTEBOD 1. JULEDAG

Det er no to månader sidan årets TV-aksjon vart avvikla.  "Hjerterom" -aksjonen hadde som føremål å samle inn pengar til  tiltak for å bekjempe psykisk og sosial naud.  Mottakarar for aksjonen var Rådet for psykisk helse og Kirkens Bymisjon.  I tillegg til sjølve innsamlinga hadde årets TV-aksjon ei vidare målsetjing;  ein ønskte å setje søkelys på det mellommenneskelege, og dermed starte ein nasjonal dugnad for eit varmare samfunn, for som Bjørn Eidsvåg syng :  "Ingen er berre det du ser."

Lokalt i kommunane vart vi oppmoda om å by inn til gjestebod. 

Den lokale aksjonskomiteen valde å ta lokalsamfunnet med på råd før sjølve hjerteromsaksjonen, og baud inn til idedugnad med spørsmålet:  Korleis gjere Volda til eit varmare samfunn ?.  Det er denne idedugnaden som er utgangspunktet for det gjestebodet, som i tillegg til fleire andre gjestebod tidlegare i haust, står på programmet 1. juledag. 

For jula treng ikkje vere berre varm, lun og inkluderande.   Julehelga er nok diverre den helga i året då kontrastane i den norske velstanden sterkast kjem til uttrykk, og då tenkjer vi ikkje først og fremst på den materielle.

Første juledag kl. 14.00 er det duka for stor fest i kafeen på Volda Omsorgssenter.  Bak tilskipinga står ei rekke lokale krefter, som på dugnads vis har gått saman for å innby til julefest.  Festnemnda inviterer de:

- som ikkje har familemedlemer eller anna nettverk kring dykk, som det kjennest  naturleg å ha samver med i jula
- som ikkje har høve til å reise heim til jul, anten det er her til lands eller andre stader i verda
- eller som av andre årsaker har glede av eit litt annleis fellesskap  på den mest familiefokuserte dagen i året.

Med hjelp av kommunen,  det lokale næringslivet og andre har festnemnda den glede å kunne by på tradisjonell julemiddag,  kaffe og kaker,  festprogram og gang kring treet i varme og julepynta omgjevnader på Volda Omsorgssenter.  Både kafeen og dagsenterlokala vert opne for gjestene. 

Festen er gratis.  Om nokon likevel skulle ynskje å gje eit bidrag, vert det opna for det. 

Melde seg på gjer ein lettast ved å ringe Frivilligsentralen sin mobiltelefon.  Der tek vi imot påmelding heilt fram til 20. desember.  Er det trong for skyss, ordnar vi det.

Festnemnda: Volda kommune, Volda Kyrkje, Studentsamskipnaden og Frivilligsentralen ser med spaning fram til 1. juledagsfest og ynskjer hjarteleg vel møtt !

For festnemnda

Gunnar Strøm                                                             
Astrid Gjersdal

Påmeldingsfrist:  20 desember til  Frivilligsentralen tlf. 913 67 484  

Del på