Kåre Heggen ny professor

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Det er den tidlegare dosentstillinga ved instituttet som no er gjort om til professorstilling. Heggen vart tilsett på styremøtet ved HVO sist torsdag. Kåre Heggen har vore knytt til HVO sidan han byrja som stipendiat i 1973. Frå 1986-1994 arbeidde han ved Møreforsking. I ein periode var han forskingsleiar. I 1998 var han gjesteforskar ved Universitetet i Melbourne i Australia.

Del på